Hopp til innhold

Fast helgestilling 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing helgestilling 13-18% fast
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 6. oktober

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig:

  • Helgestilling 13-18% fast frå snarast/etter avtale. Arbeid kvar 4. helg (langvakter), eller kvar 3. helg (ord. vakt).
  • Vi søkjer i utgangspunktet deg som er helsefagarbeidar, men andre kan også søkje og verte vurdert. Kanskje er du sjukepleiarstudent, og kan tenke deg litt erfaringsbasert kunnskap? Hjå oss får du verdifull erfaring, varierte arbeidsoppgåver og høve til å gjere ein viktig skilnad for andre.

    For helsefagarbeidarar i turnus er det, for tida, løn utover tariff og ekstra tillegg på helg for gjennomført vakt.

    Arbeidsoppgåver 

    • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
    • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
    • Andre oppgåver som måtte kome til

    Kvalifikasjonskrav 

    • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudent. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert
    • Førarkort klasse B
    • Gyldig politiattest ved tilsetjing
    • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

    Personlege eigenskapar 

    • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
    • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
    • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

    Anna 

    • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
    • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
    • Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
    • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

    Kontaktperson for stillingen

    Nina Haveland

    Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim

    +4745871550

    nina.haveland@gulen.kommune.no

    Om bedriften

    Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

    Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3917b12e-9db0-4ecb-8eee-c9e26838a58c

    Sist endret

    15. september 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10309162

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser