Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver

Eining for inntak, region vest, avdeling Stavanger

Sted

Jåttåvågen 10, 4020 Stavanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2

Ved Eining for inntak i region vest, avdeling Stavanger, er det ledig 2 faste 100 % stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar frå 01.02.26. Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Eining for inntak skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og atferdplasseringar (NABE). Eininga har avdelingar i Vestland og Stavanger. 

Stillinga inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig. Vi held til i Jåttåvågen 10 i Stavanger. Pr no er vi 19 tilsette i avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Ved førespurnad frå kommunen, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsakar.
  • Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak  og spesialiserte fosterheimar frå kommunen.
  • Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvising.
  • Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private barnevernstiltak. 
  • Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og andre instansar.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?

  • Krav til treårig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
  • Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, og det er ønskeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste.
  • Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet. 
  • Du har svært god skriftleg framstillingsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
  • Ønskeleg med vidareutdanning eller master innan barnevern/psykisk helse/anna vidareutdanning lik 60 studiepoeng.

Personlige eigenskapar

Kven ser vi etter?

  • Du er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
  • Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeider med høg grad av sjølvstende.
  • Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
  • Du er initiativrik og løysingsorientert.
  • Du er ein lagspelar med gode samarbeidsevner.
  • Du bidreg aktivt i kontinuerlege endrings- og forbetringsprosessar.
  • Du har godt humør og skapar eit positivt arbeidsmiljø.
  • For oss er det òg svært viktig korleis du som person eignar deg til stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr.620.000 - 700 000,- pr år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000- 750 000,-.pr. år. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Informasjon til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Eining for inntak, avdeling Stavanger.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familevernkontorloven § 2 a, jf. Politiregistreringsloven § 39 første ledd. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik.

Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 

Kontaktinformasjon

Synnøve Gjerde Nyborg, Avdelingsleiar, 466 19 445

Arbeidssted

Jåttåvågen 10
4020 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5051797142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

390b166d-aa8f-4a70-8470-1db3c1465abc

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5431b9ceb6a64246aac96c6536f321e9

Lignende annonser

Laster lignende annonser