Flyktningkonsulent - 100% fast stilling
Lom Kommune
Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vi søkjer ein systematisk, positiv og engasjert medarbeidar som vil vera med å drive arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.
Stillingstittel
Flyktningkonsulent
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:• Minst treårig relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, gjerne innan sosialfag, pedagogikk, rådgjeving, psykologi, Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
• Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med flyktningar
• Ynskjeleg med erfaring frå sakshandsaming
• Kunnskap om det offentlege tenesteapparatet og tilbodet kommunen yter til innbyggjarane
• God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
• Gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg i norsk
• God digital kompetanse
• Førarkort klasse B
Det er også ynskjeleg at du har:• Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram
Personlege eigenskapar:• Har høg arbeidskapasitet og solid gjennomføringsevne
• Er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
• Er empatisk, samlande og inkluderande
• Er god på lagspel og brubyggjar -- syner fleksibilitet
• Kan sette grenser i krevjande situasjonar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Arbeidsoppgaver
Flyktningtenesta har ansvar for:• Busetting av flyktningar i tråd med kommunestyret sitt vedtak
• Informasjon, råd og rettleiing til flyktningar i etableringsfasa
• Drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarar i programmet
• Koordinering med kommunens andre tenester
Arbeidsoppgåver:• Førebu bustader og gjennomføre busetting av flyktningar
• Heilskapleg oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting, t.d. heimebesøk
• Utarbeide integreringsplanar og følgje opp deltakare i introduksjonsprogrammet mot utdanning og arbeid
• Etablere praksisplassar og følgje opp desse
• Rettleie flyktningar slik at dei vil klare seg sjølv i kvardagen
• Samarbeide med, og koordinere tenester i kommunen, t.d. skule, barnehage, nav, helsetenester, og friviljuge lag og organisasjonar for å sikre rask og god integrering.
• Sakshandsaming i tråd med integreringsloven, inkludert arbeid med å dokumentere i oppfølging i aktuelle fagsystem
• Noko bilkøyring må påreknast
Endringar i arbeids- og ansvarsområdet må kunne påreknast. Stillinga kan og bli nytta inn mot andre kommunale tenesteområde.Vi tilbyr
Vi kan tilby:• Oppgåva er styrande og arbeidstida vil vere ein kombinasjon av dagtid/ettermiddag/kveld, men hovudsakleg dagtid
• Løn etter avtale -- (avhengig av kvalifikasjonar)
• Vi kan tilby spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med avdelingsleiar Hæge Nyrnes , tlf. 41503923 eller tenesteleiar oppvekst Pål Bertil Eide, tlf. 90960740
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
Lom ligg nært fleire nasjonalparkar. Området har gode moglegheiter for naturopplevingar i spektakulær natur og ligg i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Vi håpar å høyre frå deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794741
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
38dd4c40-cf46-400d-92a4-80ec255de825