Vil du vere med å utvikle Helse Vest si skyplattform?
Tjenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Plattformutvikler
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
I Helse Vest IKT byggjer vi Nebula, som er vår eiga private sky og den teknologiske grunnmuren for alt frå pasientjournalar til dei mest kritiske kliniske systema.
Her handlar det ikkje berre om serverar og nettverk, men om teknologi som støttar liv og helse kvar einaste dag.
Nebula er eitt av dei mest spennande og komplekse IT-produkta i Noreg. Over 30 dyktige kollegaer utviklar og drifter heile infrastrukturen og no skal vi bli fleire.
Vi søkjer tre engasjerte plattformutviklarar til teama Datasenter, SDDC og Server OS som er nøkkelroller i vidareutviklinga av plattforma.
Hos oss får du bygge, automatisere og forbetre ei løysing som legg grunnlaget for trygg og effektiv pasientbehandling. Du blir del av eit miljø med høg fagleg tillit, moderne smidig teamarbeid og stor fridom til å utvikle deg sjølv og teknologien som helsetenesta er avhengig av.
Er dette jobben for deg?
Arbeidsoppgåver
- Utvikle automasjon og sjølvbetening
- Sørge for stabil og effektiv drift av vår private sky
- Følgje opp og styrke IKT-sikkerheit, slik at data og tenester alltid er trygge.
- Dele kunnskap og bygge gode løysingar saman med resten av fagmiljøet (GitOps).
- Jobbe proaktivt med endringshandtering og vedlikehald for å ligge eitt steg føre
- Kort og godt; være med å bygge Helse Vest IKT sin private sky
Kvalifikasjonar
- Har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Har erfaring og kompetanse om noen av desse fagfelta: datasenter og lagring, vmware og server operativsystemer
- Er komfortabel med scripting og gjerne med Ansible for automasjon.
- Har erfaring frå drift i større miljø (ikkje eit krav)
- Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
- Snakkar og skriv flytande norsk.
Personlege eigenskapar
- Du egner å arbeide i eit smidig teammiljø og har respekt for andre sine tankar og meiningar.
- Har eit framtidsretta tankesett og er nysgjerrig på teknologi.
- Jaktar på ny kunnskap og likar å dele med andre.
- Har sans for struktur og kvalitet i arbeidet.
- Verdset eit godt arbeidsmiljø og bidreg med entusiasme.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
- Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar.
- Eit sterkt fagmiljø og moderne teknologiar frå øvste hylle.
- Moderne teamarbeid med smidig metodikk
- Nye, flotte kontorlokale på Kronstad X i Bergen.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og konferansar.
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anders Fredrikson, Seksjonsleiar, +47 93 24 96 85Ivan Dyb Holmedal, Ass. Seksjonsleiar, 90 60 22 28
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 5025685412
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ivan Dyb Holmedal
Ass. Seksjonsleiar
90 60 22 28
Anders Fredrikson
Seksjonsleiar
+47 93 24 96 85
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
38d8a2cb-aa5d-402e-8519-68e87dee6ea0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3237083087534322b8220856745fae45