Hopp til innhold

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Vi har ledig fast 100% stilling som spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter frå 01.08.26.

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune. Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet foregår ute i barnehagane i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver
- Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehageloven).
- Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresett.
- Bidra med kompetanseheving.
- Utarbeide planar og årsrapportar i samarbeid med barnehagane.

Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. 
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.
- Ønskeleg med rettleiingskompetanse.
- Ønskeleg med erfaring frå barnehage og arbeid med spesialpedagogikk.
- Fordel med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar.
- Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

 Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team.
- God relasjonell kompetanse.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
- Faglege og personlege utfordringar  
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

 Du må kunne disponere eigen bil.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Janne Gjøen Opsal, avdelingsleiar Pedagogisk Fagsenter
E-post: jangje@bjornafjorden.kommune.no Tlf: 91125040
Irene Kvåle Foer, barnehagesjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no  Tlf: 91757972


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Avdelingsleiar pedagogisk fagsenter Janne Gjøen Opsal

+47 91125040

jangje@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

38bad5b7-52d2-4370-afe0-6caf49f56d3f

Sist endret

27. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3631965_244559_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser