Kommuneoverlege
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Kommuneoverlege
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du oppteken av gode helsetenester og vil vera med å forma samfunnsutviklinga i Bømlo kommune?
Kommunen er ansvarleg for eit vidt spekter av helsetenester til dei som til ei kvar tid oppheld seg i kommunen vår. Kommunen skal sørga for nødvendig helsehjelp og er vidare ansvarleg for at helsetilboda er forsvarlege, i dag og fram i tid. Kommuneoverlegen spelar ei vesentleg rolle som premissgjevar og rådgjevar slik at kommunen vert i stand til å oppfylla sine forpliktingar etter lov og forskrifter.
Som kommuneoverlege vil du vera kommunen sin øvste medisinske rådgjevar med moglegheit for å påverka utvikling hos oss. Stillinga rapportera direkte til, og inngår som ein del av, kommunedirektøren si rådgjevargruppa.
Stillinga som kommuneoverlege er 60 %, men me vil leggja til rette for 100 % ved å kombinera stillinga med pasientretta oppgåver, anten som fastlege eller med kommunale oppgåver. Dette etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Medisinfagleg rådgjeving
- Utarbeide folkehelsegrunnlag og bidra i utviklingsarbeid knytt til betre helse for alle aldersgrupper
- Bidra inn i kommunale planar som tek for seg mellom anna samfunnsutvikling
- Smittevern, miljøretta helsevern og psykisk helsevern
- Deltaking i kommunal planlegging, beredskap og kriseleiing
- Bidra til oppfølging av kommunalt tilsette og næringsdrivande legar i nærare samarbeid med leiar for legetenesta. Herunder å vidareutvikle system for spesialistutdanning for LIS legar
- Samhandling med spesialishelsetenesta og andre kommunar
- Administrasjon og sakshandsaming
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
- Spesialist innan samfunnsmedisin eller ønsker om å ta spesialiseringsløpet
- God framstillingsevne i norsk både skriftleg og munnleg
- Gode kunnskaper i data
I tillegg er det ynskjeleg at du har:
- Førarkort klasse B
- Interesse for statistkk og analyse
- Erfaring med og interesse for folkehelsearbeid
- Erfaring med og interesse for å leia prosjekt og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar
- God arbeidskapasitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha evne til å tenke heilskap og jobbe på tvers av fagområde
- God gjennomføringskraft og engasjement
- Kunne jobbe sjølvstendig og systematisk
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Tilbod om spesialisering innan samfunnsmedisin
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
Kontaktinformasjon
Kjetil Aga Gjøsæter, Kommunedirektør, 408 63 501, Kjetil.Aga.Gjosaeter@bomlo.kommune.noKjell Magnar Mellesdal, Kommunalsjef Helse, sosial og omsorg, 480 29 947, kjell.magnar.mellesdal@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4668251196
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 13.08.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2355601
- Sist endret
14. august 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c4b8a663d2ad4902ace429a3887ef358