Hopp til innhold

Hjelmeland kommune søkjer etter rektor i 100% fast stilling til Fister skule

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Oppvekst

Sted

Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
2. gongs utlysing: Rektor Fister skule 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Hjelmeland kommune søkjer etter rektor i 100% fast stilling til Fister skule

Stillinga er ledig frå 01.03.2026.

Fister skule er ein fådelt skule med om lag 40 elevar og 10 årsverk, og har eige SFO-tilbod.

Skulen er ein del av Hjelmelandsskulen – som omfattar alle skulane i kommunen, og er kjenneteikna av godt samarbeid, inkluderande læringsmiljø og ein felles visjon om å «gjer kvarandre gode». Som rektor blir du ein viktig del av dette fellesskapet.

Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader, med nærleik til fjorden og rike moglegheiter for turar og uteaktivitetar, noko som støttar opp om det pågåande arbeidet med uteskule og skulen sitt klare fokus på den aktive elev.

Me søkjer ein rektor som kan vidareføre og vidareutvikle det gode arbeidet ved Fister skule. Du er ein leiar som legg til rette for eit trygt og inkluderande læringsmiljø, driv utviklingsarbeidet ved skulen framover, styrkjer profesjonsfellesskapet og sikrar at elevane får best mogleg kompetanse for framtida. Me ønskjer ein inspirerande og engasjert rektor, ein som anerkjenner dei tilsette sin kompetanse, skapar eit godt arbeidsmiljø og som, i samarbeid med tilsette og føresette, byggjer eit sterkt lag rundt elevane. Som rektor vil du få ein spanande og variert arbeidskvardag.

Arbeidsoppgåver
Rektor er skulen sin øvste faglege og pedagogiske leiar, og skal ha elevane si faglege og sosiale utvikling i fokus. Du vil vere personalleiar og ha ansvar for den totale drifta av skulen, inkludert økonomistyring. Arbeidet omfattar òg samarbeid med føresette gjennom både uformelle møte og formelle organ som FAU og samarbeidsutval, samt kontakt med andre relevante instansar.

Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning og solid praksis frå skule.
- Relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan skuleleiing er ønskeleg.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- Godkjend polititattest. 

Personlege eigenskapar
- Du har ein raus og inkluderande leiarstil, og ser både elevar og tilsette som viktige ressursar.
- Du er opptatt av læring, undervisningskvalitet og elevutvikling.
- Du er ein tydeleg pådrivar for pedagogisk utviklingsarbeid og skulebasert kompetanseutvikling.
- Du viser eit godt humør, og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Du er trygg, modig og synleg i skulekvardagen.
- Du har gode relasjonsferdigheiter og involverer elevar, tilsette og føresette i opne utviklings- og avgjerdsprosessar.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.
- Du er strukturert, reflektert og sjølvstendig.

Me tilbyr:
- Lønn etter avtale
- Eit godt arbeidsmiljø og kompetente kollegaer
- Tett samarbeid mellom skulane i kommunen, og fagleg nettverk i regionen

Anna
- Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk

Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5.
Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtala.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette - Me kan tilby.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

 

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

38a06906-bc89-4229-9f46-95a649fcf24b

Sist endret

17. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3570919_199699_nn

Lignende annonser