40-45 % miljøterapeut helg
Bufetat
Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
Om jobben
- Stillingstittel
- 40-45 % miljøterapeut helg
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. mai
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved avdeling Eikelund treng vi fleire erfarne og engasjerte miljøterapeutar. Ved avdelinga er det no ledig ein fast helgestilling på om lag 43 %. I turnus vil ein arbeide annakvar helg.
Eikelund er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli. Bufetat prøver ut ein modell der fleire avdelingar blir samla i éi eining. Målet er at eininga skal gje barna eit trygt og betre tilpassa tilbod, utan brot, gjennom heile institusjonsforløpet. Modellen har som mål å bidra til rett helsehjelp og opplæringsoppfølging frå første dag. Fana og Ytrebygda ungdomssenter skal ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Eikelund gir behandling til tre ungdomar mellom 13 og 18 år med alvorlege åtferdsvanskar. Avdelinga ligg på Paradis utanfor Bergen og er nyetablert. Her får du ein kvardag med målretta og systematisk miljøterapi, der målet er å hjelpe ungdomane til ein betre kvardag.
Arbeidsoppgåver
Målet vårt er å redusere negativ utvikling og snu reaksjonsmåtar som er til skade for framtidsmoglegheitene til barnet.
Korleis oppnå dette målet:
- Sikre tett tverrfagleg samhandling med m.a. kommunal barnevernsteneste, føresette, politi, skule, oppfølgingstenesta og psykisk helsevern.
- Jobbe saman, einskapleg og lojalt i tråd med behandlingsplanar, standardiserte forløp og brukarmedverknad.
- Halde fokus på langsiktige mål, samtidig som vi tek raske avgjerder og handterer akutte sitasjoner undervegs.
- Krise- og stresshandtering, traumearbeid og rus- og avhengnads problematikk.
- Førebyggje og handtere åtferd/hendingar der ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
- Rettleie og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
- Vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Praktiske oppgåver knytta til avdelinga.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde.
- Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan også vurderast.
- For søkjarar utan relevant bachelorutdanning vil vi kunne vurdere søkjarar med minimum 3 års relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring.
- Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
- Ha førarkort (minimum) klasse B.
Bør-krav:
- Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
- Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
- Hardfør/emosjonelt robust - Du evnar å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare.
- Tolmodig, nøyaktig og detaljorientert - Du har evna til å følgje eit behandlingsopplegg lojalt og i detalj, og dessutan ha fokus på langsiktig effekt.
- Sjølvrefleksiv - Du har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
- Verdibasert - Du identifiserer deg med, oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre «Respekt, openheit, deltaking».
- Motivert for å jobbe for barnets beste.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 –690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr. år.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekt.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avd. Eikelund.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
Kontaktperson for stillingen
Hege Svanevik
Avdelingsleder
+47 466 16 625
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3882e2a4-209d-4fa0-b779-48d60883840d
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10294359