Interkommunal kulturskulelærar i folkemusikk - ei satsing på UNESCO Setesdal og den immaterielle kulturarven!
Bygland, Valle og Bykle kommunar, Agder
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Interkommunal kulturskulelærar, folkemusikk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
- Undervisning innan folkemusikk; hardingfele, munnharpe, kveding og folkedans
- Time- og gruppeundervisning i kulturskulane i Bygland, Valle og Bykle kommunar
- Kursverkemd og workshops
- Rekrutteringsarbeid i barnehage og barne- og ungdomskule
- Samarbeid med opplæringsprosjektet “Gorrlaus” i barnehage og skule
- Kulturformidling i kulturskule og barnehage/skule
- Vere synleg i lokalsamfunnet
- UKM - bidra til rekruttering og praktisk arbeid i forbindelse med arrangementet
- Samarbeid med det frivillige og andre aktuelle
Vi ønskjer primært at du er tilsett på heiltid, men stillinga kan delast på to personar.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan vurderast til å kompensere for utdanning.
- Undervisingskompetanse
- Gjerne relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
- God i norsk munnleg og skriftleg
- God til å nytte digitale verktøy
- Førarkort klasse B (minimum)
Personlege eigenskapar
- Engasjement for å jobbe med barn og ungdomar
- Du liker å jobbe sjølvstendig, men er også ein lagspelar
- Du jobbar strukturert, men er også fleksibel
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg
- Vi legg vekt på at du er løysingorientert, tilpassingsdyktig og personleg eigna for jobben
Vi tilbyr
Andre opplysningar- Du skal jobbe i kulturskulane i alle tre kommunane
- Krav om godkjent politiattest ved tilsetting
- Stillinga inneber ein del kvelds- og helgearbeid
- Stillinga kan delast på to personar
- Du må disponere eigen bil
Valle kommune har arbeidsgjevaransvar for stillinga. Vi ser derfor føre oss at fast kontorstad vil vere i Valle kommune, der også UNESCO-prosjektet Setesdalsfolk, Setesdal Spelemannslag og Setesdalsmuseet, som alle vil vere naturlege samarbeidspartnarar, har sine lokale.
Oppstart seinast 01.08.23.
- Tett samarbeid med andre fagpersonar i eit aktivt og utviklande miljø
- Løn etter kvalifikasjonar etter tariff
- Hjelp med å skaffe bustad
- God barnehagedekning
- Full kulturskuledekning
- Tilgang til fritidsleilegheit i Kristiansand
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om UNESCO Setesdal
I 2019 kom spel, dans og song (stev og stevjing) i dei tre øvre setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Denne stillinga er ei satsing på UNESCO Setesdal.
Agder fylkeskommune oppretta i 2021 prosjektet Setesdalsfolk, med Annbjørg Lien som prosjektleiar. Også Setesdalsmuseet har immateriell kulturarv i sin portefølje. Gjennom opplæringsprosjektet Gorrlaus, eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Spelemannslag, får alle barn og og unge opplæring i folkemusikk og -dans i barnehage og skule.
Om oss
Fritidstilboda i Bygland, Valle og Bykle er mange og varierte, både sommar og vinter. Her kan du oppleve alt frå bading og båtliv i idylliske Byglandsfjorden, til bratt friluftsliv og alpinbakkar i Brokke og på Hovden. I alle tre kommunane finn du gode idretts- og kulturanlegg, flotte forhold for ski og fjellturar, sykling og klatring med meir. Vi har også eit mangfaldig organisasjonsliv, og generelt mange gode tilbod og arrangement for barn og unge.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Torunn Charlotte Nyberg, leiar, 97061587Arbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4633250668
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 09.04.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2278208
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40729d22d70a47929654e2bfc8c9dc75