Ledig stilling som administrasjonskonsulent
KRAFTMUSEET
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. mai
Kraftmuseet har ledig stilling som administrasjonskonsulent, og søkjer etter ein motivert, positiv, systematisk og fleksibel person som vil ha ei nøkkelrolle i drifta av museet. Som ein del av det norske museumsnettverket, og deltakar i museumsordninga til NVE, har Kraftmuseet ei rekkje store og små utviklings- og oppfølgingsoppgåver, både i relasjon til bidragsytarar, det offentlege, styret vårt og internt, i samspelet mellom avdelingane ved museet og dei tilsette. Her vil administrasjonskonsulenten bidra til ei fortsett stødig drift av eit solid og dagsrelevant museum.
Kraftmuseet har per i dag fire avdelingar; formidling, samling, bygg og anlegg og administrasjon. Du vil ta del i administrasjonsavdelinga, og bidra til å løyse oppgåver for koordinering og drift, i tett dialog med direktør og administrasjonsleiar.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og samansette, som oppfølging av administrative prosessar, søknadsskriving, rapportering, økonomi, koordinering mellom ulike fagfelt og avdelingar, oppfølging av personalhandbok, datasystem, postmottak og anna som naturleg ligg til stillinga. Arbeidet vil variere gjennom året, i tråd med eit årshjul, og andre og nye oppgåver vil òg kome til.
Søkjar bør ha svært gode IKT-kunnskapar og erfaring med bruk av nynorsk som arbeidsspråk. Arbeidsstad er p.t. i Tyssedal.
Administrativ erfaring og bakgrunn frå museal verksemd tel positivt, men anna erfaring vil òg vurderast. Vi legg stor vekt på at nettopp du passar inn i staben hos oss.
Stillinga er fast og 100 %. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår p.t. gjennom KLP.
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende innan 15.05.2025 til post@kraftmuseet.noOppstart etter avtale, og så raskt som mogeleg.
Velkomen til ein spanande arbeidsplass med engasjerte og dyktige tilsette!
Om bedriften
Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i Ullensvang kommune i vakre Hardanger, med om lag 18 fast tilsette. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vi forvaltar er den freda kraftstasjonen Tysso I. Besøkstala våre ligg på kring 28 000 besøkande i året. Vi har ansvar for om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, og har utvikla eit Industriarkiv, som tek vare på viktig privatarkiv frå industri og lagsliv.
Sektor
Privat
Nettsted