Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar

Arbeidsgiver

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?

Vi har ledig 100 % fast stilling, der 10 % av stillinga er frie timar, for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar med erfaring frå målgruppa. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.

Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.

Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.

Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:

  • Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
  • Pleie- og omsorgsoppgåver, praktisk bistand og helseoppfølging
  • Tilrettelegging og miljøarbeid
  • Observasjonar og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg. Pleiemedarbeidarar med relevant erfaring vil også bli vurdert
    • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
    • Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem

    Ønska kompetanse og erfaring:

    • Førarkort klasse B.
    • erfaring frå pleie- og omsorgsoppgåver, gjerne frå arbeid med personar med utviklingshemming eller omfattande bistandsbehov

      Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar

      Personlege eigenskapar

      • Du ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
      • Du er trygg, ansvarsbevisst og løysingsorientert
      • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
      • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

      Vi tilbyr

      • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling. 
      • Ein årsturnus med langvakter på 12,5-14 timar og arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg. Turnusen gir ein komprimert arbeidskvardag med lengre samanhengande friperiodar mellom arbeidsperiodane. Det er per tid også behov for enkelte dagvakter vekedagar dersom dette er ønskelig. 
      • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
      • Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
      • Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag. Årleg tillegg på kr 20.000 ved arbeid på natt.

      Kontaktinformasjon

      Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
      Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

      Arbeidsstad

      Grandavegen 9
      6823 Sandane

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Gloppen kommune

      Referansenr.: 5181582683
      Stillingsprosent: 100%
      Fast
      Søknadsfrist: 11.10.2026

      Kontaktpersoner for stillingen

      Kristine Eide Ryssdal

      Tenesteleiar miljøarbeidertenesta

      911 39 159

      kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

      Julie Kristin Lothe

      Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta

      479 93 050

      julie.lothe@gloppen.kommune.no

      Om bedriften

      Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
      Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
      Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

      Sektor

      Offentlig

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      3830c842-2aa2-477b-927a-ec2304917d32

      Sist endret

      22. september 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      1c94d63a22bd448d97946fdb70792628

      Lignende annonser

      Laster lignende annonser