Miljøarbeidar/elevassistent
Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar/elevassistent
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 70 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur.
Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:
- Studiespesialiserande
- Påbygg til generell studiekompetanse
- Helsefag med studiekompetanse
- Elektro og datateknologi
- Teknologi og industrifag
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Nettbasert tilbod - påbygg til generell studeikompetanse for vaksne
Har du utdanning og erfaring frå arbeid med elevar som treng særskilt tilrettelegging? Har du lyst til å vere del av eit utviklingsorientert arbeidsmiljø?
Då er dette jobben for deg!
Arbeidsoppgåver
Eid vidaregåande skule har ledig 50% stilling som miljøarbeidar/elevassistent.
I rolla som miljøarbeidar/elevassistent vil du vere ein viktig vaksenperson til å følgje opp elevar slik at dei best kan lukkast i sin skulekvardag. Du vil støtte dei gjennom læringsaktivitetar i klasserommet og hjelpe dei med å handtere daglege utfordringar. Når det kjem til kommunikasjon, kan det vere behov for å bruke både munnleg og skriftleg språk - også teiknspråk. Vi har høgt fokus på å gi tilpassa opplæring slik at alle elevar kan delta, lære og trivast!
Kvalifikasjonar
Vi ser etter nokon som har erfaring frå arbeid med elevar som treng særskilt tilrettelegging, og utdanning med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller høgare utdanning innan vernepleie. Har du erfaring med bruk av teiknspråk eller med teikn til tale er det ein styrke.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss ein ny kollega som er inkluderande, positiv og engasjert. Du vil være ein viktig brikke i å fremje mangfald og samarbeid inn i elevens læringsprosess. Høg trivsel og samarbeid med elevar, lærarar og andre ressursar er viktige element for oss. Er du ein sånn type som lett får elevane og kollegaene til å smile, er du heilt klart på rett stad!
Merk at ei godkjent politiattest er nødvendig for denne stillinga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit stimulerande fagmiljø med mange gode høve for personlig læring og utvikling. Løn og lønsutvikling er i tråd med tariffavtalen og vår lønspolitikk. Her får du også gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Ove Jonny Lillestøl, avdelingsleiar, 41530811, ove.jonny.lillestol@vlfk.noAlf Reidar Myrstad, rektor , 90962632, alf.reidar.myrstad@vlfk.no
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4992172308
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
382db487-aadc-4358-8f5c-a5631adf86df
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8a3acf38546e43d3a04fcf3505141c65