Tilkallingsvikar til Fontenehuset Sunnhordland søkes
Stiftelsen Fontenehuset Sunnhordland
Hamnegata 22c, 5411 Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Medarbeider innen sosialt arbeid i bedriften
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 1%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. juni
Send søknad til
Vil du bidra til betre psykisk helse og eit rausare arbeidsliv?
Vi søkjer tilkallingsvikarar til Fontenehuset Sunnhordland
Mange med psykiske utfordringar fell utanfor og vert ekskluderte frå arbeids- og samfunnsliv. Vi søkjer deg som vil bidra til positiv endring, og vere med å styrkje Fontenehuset som ein viktig aktør innan arbeidsinkludering og psykisk helse i Sunnhordland.
Har du evna til å skape tillit, samstundes som du gir rom for andre? Er du god til å byggje relasjonar, motivere og engasjere? Har du kanskje interesse for digitale løysingar, matlaging og det å jobbe saman? Det er supert! Dersom du også er fleksibel og trivst med varierte oppgåver, kan du vere den vi leitar etter.
Om Fontenehuset
Fontenehus er eit arbeidsretta fellesskap for menneske med psykiske helseproblem. Her får medlemmene ei meiningsfull tilknyting og moglegheit til å ta aktiv del i eigen bedringsprosess gjennom deltaking i drifta av huset. Vi jobbar for å støtte menneske som ønskjer å kome ut i arbeid eller studium.
Om rolla som tilkallingsvikar
Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta av Fontenehuset ved behov. Du vil jobbe saman med medlemmar og tilsette og bidra til å oppretthalde eit trygt, inkluderande og aktivt miljø.
Arbeidsoppgåver:
-
Praktiske oppgåver som matlaging, reinhald og dagleg drift
-
Deltaking i kontoroppgåver og enkle administrative oppgåver
-
Bidra til aktivitetar og fellesskap i huset
-
Støtte medlemmar i arbeidstrening og sosial deltaking
Arbeidstid vil vere etter behov, hovudsakleg på dagtid, men kan også inkludere ettermiddag og noko helg.
Vi søkjer deg som
-
Er ein god lagspelar og likar å jobbe med menneske
-
Er fleksibel og kan stille på kort varsel
-
Har evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø
-
Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast
-
Har gjerne relevant erfaring -- personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
-
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
-
Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og inkludering
-
Opplæring i Fontenehusmodellen
-
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
Løn etter avtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om arbeidsgivaren
Fontenehuset Sunnhordland på Stord opna 12.01.26. Vi er ei ideell stifting og ein del av nasjonale og internasjonale nettverk gjennom Fontenehus Noreg og Clubhouse International.
Fontenehuset er ope for alle og er eit supplement til andre tenester innan helse og arbeid. Tilbodet er gratis, og det er ikkje behov for diagnose eller tilvising.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3826ed8b-e726-41fa-a534-d80c1772158a
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3826ed8b-e726-41fa-a534-d80c1772158a