Spennande moglegheit for 2. års sjukepleiestudentar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spennande moglegheit for sjukepleiestudentar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 30
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og no kan du bli ein del av laget vårt!
Vi har ledige faste deltidsstillingar for sjukepleiestudentar som fullfører 2. studieår sommaren 2025.
Kvifor velje Haukeland?
Dette er ein unik sjanse til å starte karrieren din allereie medan du studerer.
- Sommarvikariat i 100 % stilling (veke 25–33/34)
- Fast deltidsstilling på helg (20 %) etter sommaren
- Moglegheit til å bli kjend med avdelinga og bygge gode relasjonar før du er ferdig utdanna
- Ein trygg start som gir både fagleg utvikling og god pasientbehandling
Når du har fått autorisasjon som sjukepleiar, går du over i fast 100 % stilling hos oss. Vi trur dette gir deg ein solid plattform for vidare karriere.
Kven ser vi etter?
- Du er ferdig med 2. året sommaren 2025
- Du kan jobbe samanhengande i minimum 6 veker i sommarperioden (veke 25–33/34)
- Du er engasjert, lærevillig og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar
- Oppgi i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe på
- Medisinsk klinikk: Medisinsk Overvakingseining (MOE), Medisin 5 Nord, Medisin 1 vest, Medisinsk post for akuttgeriatri og infeksjon
- Klinikk hovud/hals: Hovud/hals og augeavdelinga
- Lungeavdelinga: Lunge post 1 og 3
- Nevroklinikken: Nevrologisk akuttpost
- Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk post 1 vest, Plastikk- og karkirurgi-Post 4
- Hjarteklinikken: Hjarte post 4
- Ortopedisk klinikk: Ortopedisk avdeling Syd/Vest/Infeksjon
- Kreftklinikken: Post 1, Post 2, Poliklinikk
- Bemanningssenteret: Helsepersonell somatikk
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du må vere 2. års sjukepleistudent
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Gode samarbeidsevner og godt humør
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, +47 91576157Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5034367004
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Anniken Knag Haukeland
Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret
+47 91576157
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3823d935-c8b7-4b80-ac49-e07be9042d45
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cbaf42c1e72a4a969f0b47317e63ae99
Lignende annonser
Sommervikariat for sykepleiere, sykepleierstudenter og medisinerstudenter
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fana og Ytrebygda, Bergen kommune
Sted
Nesttun, Blomsterdalen
Sommeren 2026 -Din inngang til spesialisthelsetjenesten - Start karrieren din ved Haraldsplass
Arbeidsgiver
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen