Hopp til innhold

LIS 2/3 vikariat i fysikalsk medisin og rehabilitering

Arbeidsgiver

Fysikalsk medisin og rehabilitering/ ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen

Sted

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Om jobben

Stillingstittel
LIS 2/3
Oppstart
1. september 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig to vikariat i 100% stilling som LIS i avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i ReHabiliteringsklinikken på Nordås. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga. 

Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi ønsker ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar. 

ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. , og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta og førstelinjetenesta. 

AFMR gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 14 legar, inkludert LIS. Klinikken er i ein spanande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås i 2028. AFMR gir spesialiserte tilbod og tenester til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
  • Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring
  • LIS deltek i praktisk undervising av medisinarstudentar
  • Inngå i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
  • Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel 
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Evne til målretta arbeid
  • Vilje og evne til nytenking
  • Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking  
  • Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar
  • Takler travle og akutte situasjonar
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø 
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Personleg egnethet blir vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppmoder alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 55918440

Arbeidsstad

Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5100763812
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Herborg Tegle

Seksjonsleiar

55918440

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

380f8893-712c-4745-a52e-8c05cb3cfb0a

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

362e44981aab4171b3cad41b3c76ec9c

Lignende annonser

Laster lignende annonser