Testleiar for teknisk sikkerheitstest
Integrasjon, Helse Vest IKT
Professor Olav Hanssens vei 7B, 4021 Stavanger, Øvregata 124, 5527 Haugesund, Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Testleiar for teknisk sikkerheitstest
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Vil du vere med og sikre at framtidige integrasjonsløysingar er trygge og robuste? Vi søkjer no etter ein erfaren og fagleg sterk person, som kan ta leiinga innan sikkerheitstest.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane. Med sine 41 kunnskapsrike medarbeidarar er senteret eit viktig og etterspurt kompetansemiljø i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Du vil inngå i eit fagteam med sju testleiarar. Som testleiar for teknisk sikkerheitstest vil du bidra til at løysingane er i tråd med sikkerheitskrav og standardar. Rolla di blir å støtte testleiarane med rådgjeving og tidvis utføring av sikkerheitstesting. Du vil også få ansvar for verktøy og metodikk som naturleg høyrer til stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein fagressurs for Integrasjonssenteret i spørsmål som gjeld sikkerheitstesting
- Halde oversikt over gjeldande lover, standardar og krav innan informasjonssikkerheit
- Utarbeide og koordinere teststrategiar for teknisk sikkerheit, inkludert penetrasjonstesting og sårbarheitsanalysar
- Samarbeide med interne og eksterne ressursar på området for informasjonssikkerheit
- Bistå testleiarar med å utforme sikkerheitstestar, og utføre sikkerheitstesting ved behov
- Medverke ved ROS-analyse av nye og endra integrasjonsløysingar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan IT. Fortrinnsvis med vekt på informasjonssikkerheit og sikkerheitstesting.
- Relevant erfaring over tid kan kompensere for høgare utdanning
- Kunnskap om relevante standardar og rammeverk, som til dømes ISO 27001, OWASP Top 10, NIST
- Evne til å vurdere risiko og formidle dette på ein klar og forståeleg måte til både tekniske og ikkje-tekniske målgrupper
- Kunnskap om testmetodikk, og gjerne ISTQB-sertifisering eller tilsvarande, er ein fordel.
- Erfaring frå test av integrasjonar eller anna teknisk testing er ein fordel
- Kjennskap til helsesektoren tel positivt
I tillegg til formelle og faglege kvalifikasjonar, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Kven er du?
- Du likar å arbeide strukturert, er analytisk og har evne til å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
- Du er sjølvgåande, men likar å arbeide i team både som deltakar og som drivande kraft.
- Du samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaring og informasjon, og støttar andre i å nå måla til teamet.
- Du formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg, og du kommuniserer på ein klar, presis og strukturert måte.
- Du likar å ha stor kontaktflate.
- Du er nøyaktig, men ser samstundes når resultat er gode nok.
Hos oss får du
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobb i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har varierte og utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Innplassering i stillingskode «Rådgjevar IKT» eller «Seniorrådgjevar IKT», avhengig av kvalifikasjonar.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk slik at me kan snakkast!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bjørn Gunnar Lunde, Gruppeleder, +47 90659901Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, 91356369
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4985796728
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bjørn Gunnar Lunde
Gruppeleder
+47 90659901
Steinar Aslaksen Hamre
Seksjonsleiar
91356369
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37e0f516-fbc7-4db7-b5bd-bd06486c4cbb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee1efee3d531465eb8d30d2c8f06c7b9