Leksikograf (forskar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 1, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Leksikograf (forskar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgALeksikograf (forskar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Velkommen som søkjar til ei fast 100 % stilling som leksikograf (forskar 1108) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen (UiB). Det er ønskjeleg med oppstart så snart som råd.
Fagmiljøet i leksikografi ved UiB arbeider med dei tre ordbøkene Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Norsk Ordbok er det store nasjonale ordbokverket for nynorsk skriftspråk og dei norske dialektene. Redaksjonen til Norsk Ordbok skal utvikle ei moderne og komplett nettordbok og oppdatere dei eldste delane av ordboka. Standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka dokumenterer det sentrale ordtilfanget i moderne norsk, og dei utgjer den fremste kvalitetssikra kjelda til norsk rettskriving og bøying.
Om instituttet og UiB-ordbøkene:
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-stipendiatar og tolv postdoktorar. Instituttet femner om studieprogram i allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Senter for norsk fagspråk og Senter for digitale forteljingar ligg òg her.
Norsk Ordbok (beta.norsk-ordbok.no) brukar 1938-normalen for nynorsk både i oppslagsord og definisjonstekst. Språklova frå 2020 krev at Norsk Ordbok også skal vise gjeldande rettskriving i oppslagsorda. Arbeidet med å vise gjeldande rettskriving, utvikle nye redigeringsverktøy og nye nettsider heng tett saman. Det inneber redaksjonelt arbeid med samordning og oppdatering av dei leksikalske grunnlagsressursane Metaordboka, Norsk ordbank og Norsk Ordbok.
Bokmålsordboka og Nynorskordboka gjekk i perioden 2018 til 2024 gjennom ein stor innhaldsrevisjon, samstundes som dei fekk ny nettvisning på ordbøkene.no (sjå revisjonsprosjektet.no for meir informasjon). Redaksjonen for dei to standardordbøkene skal halde fram det systematiske arbeidet med å oppdatere og vidareutvikle innhald og nettstad.
Arbeidsstaden til forskaren blir på det felles ordbokkontoret ved LLE, og vedkommande blir ein del av eit godt og kreativt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Forskaren skal:
- ha ulike oppgåver knytt til alle dei tre UiB-ordbøkene
- skrive og kvalitetssikre ordbokartiklar i dei tre ordbøkene og bidra til å oppdatere det mangfaldige digitale kjeldegrunnlaget til ordbøkene
- arbeide med bokmål og nynorsk i parallell i standardordbøkene
- arbeide med nynorsk og norske talemål i parallell i Norsk Ordbok
- samarbeide med IT-utviklarar om redaksjonelle verktøy og moderne og brukarvennlege nettutgåver av ordbøkene.
Det blir gjeve leksikografisk opplæring og innføring i redaksjonelle retningslinjer og bruk av redigeringsplattformene. Det kan på sikt vere aktuelt at den nytilsette får andre arbeidsoppgåver knytt til språkinfrastrukturar og digital humaniora.
Kvalifikasjonar:
For å vere ein kvalifisert søkjar må du:
- ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i nordisk språkvitskap, lingvistikk eller anna relevant språkfag
- ha inngåande kjennskap til dei fulle gjeldande normene for bokmål og nynorsk, og kunne dokumentere at du meistrar begge dei norske skriftspråka særleg godt
- ha god kjennskap til norsk grammatikk
- ha brei erfaring med korpuslingvistiske metodar og språkvitskaplege infrastrukturar
- ha gode analytiske evner og kunne vise til konkrete døme på at du lett får oversikt over store mengder språkdata.
Det er ein klar fordel om du har:
- nyare erfaring med praktisk ordbokarbeid
- publisert arbeid om metaleksikografiske spørsmål – publikasjonar frå dei siste fem åra blir lagde mest vekt på
- god kjennskap til struktur og variasjon i norske talemål
- god kjennskap til nynorsk språkhistorie.
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med bruk av leksikografiske redigeringsverktøy og databasar
- erfaring med forskingsformidling i ulike kanalar.
Personlege eigenskapar:
Søkjaren må:
- kunne formulere seg kortfatta og presist
- vere effektiv og bidra til at redaksjonane når dei måla som er sette
- kunne arbeide sjølvstendig og ta eigne initiativ
- vere ryddig og nøyaktig
- ha gode samarbeidsevner og ta omsyn til andre
- vere fleksibel.
Vi kan tilby:
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- løn som forskar (kode 1108), som for tida svarer til ei brutto årslønn på mellom kr. 605 000–670 000 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn. Søkjarar med doktorgrad kan søkje om opprykk til stillingskode 1109
- ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dei faglege interessene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga.
- Under «CV» skal du oppgje
- personalia
- erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg)
- ferdigheiter i bokmål og nynorsk
- minst to referansepersonar.
- Under «Vedlegg» lastar du opp følgjande som separate dokument:
- karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastar du dei opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, legg du ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som gjev opp omfanget av oppgåva i ECTS
- kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider)
- inntil fem publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved
- publikasjonsliste leggjast ved dersom aktuelt
- relevante attestar som støttar opp under kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar du har.
Søknadstekst og CV må vere på norsk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Ta gjerne kontakt med hovudredaktør for standardordbøkene Margunn Rauset på e-post margunn.rauset@uib.no eller telefon 55 58 24 63, hovudredaktør for Norsk Ordbok Gyri Smørdal Losnegaard på e-post gyri.losnegaard@uib.no eller telefon 55 58 36 97, eller instituttleiar Anders Fagerjord på e-post anders.fagerjord@uib.no eller telefon 55 58 36 53 om du har spørsmål om forskarstillinga.
Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan du rette til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir søkjaren varsla om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37decf08-0c13-4731-8b02-5be86ae2ab7a
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268153
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen