Hopp til innhold

Avdelingsleiar/vernepleiar 100 % fast stilling ved tilrettelagde tenester i nydelege omgivelsar

Arbeidsgiver

Kviteseid Kommune Lundenjordet

Sted

Kviteseid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Ved tilrettelagde tenester er følgjande stilling ledig:

Avdelingsleiar/vernepleiar, 100 % fast stilling, tilsetjing snarast råd. Stillinga er for tida i turnus med arbeid kvar 4. helg, 35,5 timar per veke. 50 % av stillinga er knytt til rolla som avdelingsleiar for avlastningsbustad/team rundt born under 18 år med utviklingshemming, og 50 % er som vernepleiar i miljøet for både born og vaksne ved Lundenjordet. Stillinga vil ha ei sentral rolle i å byggje opp fag, kvalitet og kompetanse i avlastning for born ved Lundenjordet.

Stillingstittel
Vernepleier / Omsorgsperson for funksjonshemmede
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:
  • · Autorisasjon som vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning

  • · Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, gjerne born

  • · God digital kompetanse

  • · Ynskjeleg med leiarerfaring

  • · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:
  • · Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre

  • · Ansvarsbevisst, strukturert og fleksibel

  • · Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert

  • · Medverke til eit godt arbeidsmiljø

  • · Stor arbeidskapasitet

  • · Vere oppteken av å sjå gode løysingar, med hovudfokus på brukaren sine behov

Arbeidsoppgaver

  • · Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak

  • · Hovudansvar for fagutvikling og kvalitetssikring i eigen avdeling

  • · Pådrivar for forbetringsarbeid og fagutvikling i eigen avdeling

  • · Opplæring, rettleiing og internundervisning av kollegaer i avdelinga

  • · Utarbeide faglege risikovurderingar og handtere faglege avvik i eigen avdeling

  • · Utvikling og vedlikehald av kvalitetssystem for å sikre kvaliteten i tenesta

  • · Leie intern opplæring og arbeide med kompetansehevingstiltak

  • · Ansvar for dagleg drift

  • · Turnus for eigen avdeling

  • · Tilsetting i eigen avdeling

  • · Sjukefråværsoppfylging i eigen avdeling

  • · Ansvar for å skrive og følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenesta HOL kap. 9

Vi tilbyr

  • Ei sentral og innflytelsesrik rolle i vidare utvikling av fag og kvalitet i avlastning

  • · Godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • · Spanande og omfattande faglege utfordringar

  • · Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • · Løn etter gjeldande avtale

Om bedriften

Tilrettelagde tenester i Kviteseid består av Lundenjordet bufellesskap med 13 bueiningar og ein avlastningsbustad for born under 18 år, samt Krodokk dagsenter. Me ynskjer no å lyse ut stilling som avdelingsleiar for avdeling for born under 18 år. Avdelingsleiaren vil få ansvaret for å byggje opp avlastningstilbodet på Lundenjordet og følgje opp avlastning i avdeling Hommesnipp på Kviteseid skule og Kviteseid barnehage.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37c634fc-20b7-4a77-ab94-016845c45f16

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

37c634fc-20b7-4a77-ab94-016845c45f16

Lignende annonser

Laster lignende annonser