Kyrkjetenar
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Stranda kyrkje i Almenningen 9, 6200 Stranda, Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjetenar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, søndag
Antall stillinger
1
Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledige stilling som
Kyrkjetenar under gudstenester i Stranda kyrkjeKyrkjetenar gjer teneste på søndagar og heilagdagar omlag anna kvar helg og i høgtider. Stillinga vert løna etter timeliste inntil ei 10 % stilling i året.
Vi søkjer etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb samtidig som litt ekstra inntekt.
Arbeidsoppgåver:- Vere kyrkjetenar under gudstenester på søn-og helligdagar
- Gjere kyrkja klar til gudstenesta etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne framlegge politiattest.
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
- Spesiell og meiningsfull arbeidsplass
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Hovedkontoret vårt ligg i Stranda. Vi er ein stab med omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet og vanlegvis 3 prestar. Og no treng vi personar som kan vere kyrkjetenarar under gudstenester i Stranda kyrkje og i Liabygda kyrkje. Håper det vil vere du!
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2177905
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
37c329b3-c1c7-4691-a1df-919a872f5b74