Demens/langtidsavdeling m/rekrutteringstillegg
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Nesvegen 51, 5470 Rosendal
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% fast stilling x 2, Rosendalstunet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Arbeid kvar 3. helg eller turnus med langvakter. Moglegheit for langvakter også i vekedagar.
Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukepleiaren vi gler oss til å få på laget!
På Rosendalstunet jobbar vi med det viktigaste som finst: gode kvardagar for menneske som treng pleie, omsorg og eit ekstra smil. Her får du høve til å fordjupe deg i geriatrisk sjukepleie i eit fagmiljø som både er sterkt, støttande – og skikkeleg triveleg.
Kven er vi?Rosendalstunet ligg i nydelege omgivnadar ved Hardangerfjorden (ja, du får nærmast vakker utsikt på kjøpet kvar dag). Institusjonen har 6 avdelingar og 60 plassar fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
Kva går jobben ut på?Du vil:
- Utøva sjukepleiefagleg arbeid i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Gje heilheitleg omsorg og pleie
- Samarbeida tett med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer.
- Dokumentera tenestene du yter
- Legemiddelhandtering
- Rettleia kollegaer, studentar og skuleelevar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleia
- Er trygg og sjøvstendig i faget
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø- også når det er travelt
- Trivst med variasjon og kan hantere uforutsigbare situasjonar
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi
- God IT-kunnskap
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid)
- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage og ingen eigedomsskatt
- Velferdsteknologi
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37bb9259-82bb-436a-83dd-b02ceaf58849
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581339_225983_nn
Lignende annonser
2x100% fast stilling som Sjukepleiar/Vernepleiar Halsnøytunet
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Halsnøytunet
Sted
Rosendal
Heimetenester Halsnøy
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Sted
Rosendal
Ferievikariat inkl. bustad for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Sted
Rosendal