Sjukepleiar fast 100% stilling
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Surnadal sjukeheim har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Eksterne søkjarar som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10- års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn 10- års ansiennitet frå tidlegare blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting. Om oss:Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD (Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).
Hos oss har vi stort fokus på:- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunksjon og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
- veiledning og opplæring
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdteknologi og digitale verktøy
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelhandtering
- Sjukepleier med norsk autorisasjon
- Du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon
- fagleg dyktig og engasjert
- ansvarsfull og handlekraftig
- endringsvillig og løysingsorientert
- gode samarbeidsevner
- fleksibel
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimen har pr i dag 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demensssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si o ein bemanningspool for sjukeheimen.
Sektor
Offentlig