Lege i spesialisering (ALIS) Smertepoliklinikk
Anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering (ALIS) Smertepoliklinikk
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. januar
Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeider også med andre avdelingar på sjukehuset.
Allmennlege som treng sjukehusteneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert, men lege med anna bakgrunn kan og søke.
Den midlertidige stillinga er i 6 eller 12 månadar, dato for oppstart kan avtalast.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Polikliniske konsultasjonar ved poliklinikken under fagleg rettleiing
- Tverrfaglege møter
- Moglegheit for å delta i forskning og fagutviklingsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
- Allmennlege som treng sjukehusteneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert, men lege med anna bakgrunn kan og søke.
Personlege eigenskapar
- Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
- Empati
- God evne til pasientkommunikasjon med tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, kristen.rasmussen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4890533023
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806845
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6842b8a494424b92a97a75e013596ee0