Hopp til innhold

Vikariat 100% Sinnes skule

Arbeidsgiver

Sirdal kommune Sinnes skule

Sted

Sirdalsvegen 7352, 4443 Tjørhom

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 13. oktober

 

Ledig 100% vikariat som lærar på Sinnes skule frå 30.11.26-31.07.27

Tar du ei utfordring og flyttar til Øvre Sirdal? Du har kanskje hytte, og kan slå saman hygge og nytte? Eller har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – nemleg barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine". Kan og ønskjer du å bidra, så søk på denne jobben!

Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg i på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge skulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling av skulane våre.

Sinnes skule treng ein lærar som er engasjert, fleksibel, positiv, lojal, relasjonell og samarbeidsvilleg. Me er ein fådelt skule med rett under 50 elevar, og leiinga er open for idear og gjev handlingsrom til kvar enkelt. Dei tre siste åra har klassar på Sinnes skule m.a. vore juryklasse i Bokslukerprisen, anmeldarklasse i Uprisen, vunne Tyskforum sin brødrene Grimm-konkurranse og vore finalistar i Skoglekene 2023. Her kan du med andre ord utfalda deg kreativt i eit lite, men godt miljø med kjekke kollegaer og elevar.

Er du interessert i friluftsliv, ligg skulen midt i turområdet sommar som vinter, og me nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Det er òg symjehall og gymsal på skulen med hyppig bruk både i skuletida og på kveldstid. Skulen satsar elles på internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk, og LeseLOS i tillegg til vidare arbeid med fagfornyinga.

Me trivst med kjekke elevar og kollegaer i relativt nytt bygg med kontor til kvart team, og vil gjerne ha deg med på laget! Her får du høve til å vera både kreativ og aktivt forma lærarkvardagen. Du er hjarteleg velkomen!

 

Kvalifikasjonar
  • Me søkjer lærar som oppfyller opplæringslova sine krav om tilsetting og undervisingskompetanse, som meistrar norsk, både skriftleg og munnleg. Opplæringsmålet er nynorsk.
  • Skulane ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og særleg om du har undervisingskompetanse og kan vera både på småskuletrinnet og mellomtrinnet.

 

For stillingane gjeld:
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen.
  • Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette. Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
  • Me ønskjer at du nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

 

Spørsmål om utlysinga kan rettast til:

Rektor Sinnes skule, Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258

 

Søknadsfrist: 13. oktober 2026


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Åse-Berit Fidjeland

945 21 258

Om bedriften

Sirdal er en attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort vei til Rogaland og Stavanger. Vi er en levende kommune med 1914 innbyggere, og som en av de største hyttekommuner på Sørlandet er vi opptil 40 000 i høysesongen. Kommunen har et rikt kultur- og fritidstilbud med unike muligheter for friluftsliv både sommer og vinter. Vi tilrettelegger for næringsaktiviteter og samarbeider godt med bedrifter som ser muligheter som ligger i kommunen. I Sirdal finner du et trygt og godt oppvekstmiljø, vi sørger for god tetthet i bemanningen på skole og barnehage, og legger vekt på gode fasiliteter og høy kvalitet. Tjenestetilbudet er godt utbygd på alle områder – våre kraftinntekter kommer våre innbyggere til gode https://sirdal.info/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37832d6d-ad2c-481d-8d1c-22b270198cb4

Sist endret

1. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3666601_205891_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser