Er du vår nye ambulerande skipsførar?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6412 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ambulerande skipsførar for ressursgruppen Nordmøre
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som ambulerande skipsførar for ressursgruppen på Nordmøre.
Du vil ha fast turnus, men vil tjenestegjere på ulike fartøy etter behov.
Ein spennande og variert stilling med mogeligheiter for å få kjennskap til tekniske system, på både toppmoderne, og eldre fartøy. Du vil bli ein del av eit solid team med dyktige og løysningsorienterte kollega!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D1-sertifikat
- GMDSS/ROC- sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt og fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjøoffiserforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263Arbeidsstad
Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4967406916
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.05.2025
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936793
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1730a30008c64790932cdf44ad6eee5f