Hopp til innhold

Leiar Pleie og omsorg

Arbeidsgiver

Eidfjord Bygdaheim

Sted

Lægreid, 5783 Eidfjord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Pleie- og omsorgssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Vil du vere med og forme framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?

Dette er jobben for deg som vil vere tett på både folk og fag, og som trivst med å vere ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko.

Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikle tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren. Her er det kort veg frå idé til handling -- og du ser resultatet av arbeidet ditt kvar einaste dag.

Arbeidsoppgåver:
  • Leie og vidareutvikle pleie- og omsorgstenestene i tråd med lovverk, politiske vedtak og økonomiske rammer.
  • Ansvar for dagleg drift, fag, kvalitet, økonomi og personale
  • Sikre heilskaplege, trygge og koordinerte pasientforløp.
    • Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik

    • Personalansvar for alle tilsette i eininga.

  • Leie og støtte medarbeidarane og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Planleggje og følgje opp arbeidstid, årsturnus, bemanningsplanar og ferieavvikling
  • Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og organisering av tenestene
  • Vere ein pådrivar for digitalisering og velferdsteknologi
  • Arbeide strategisk med kompetanseutvikling, rekruttering og framtidig tenesteutvikling
  • Jobbe strategisk med kompetanse, rekruttering og utvikling
  • Samarbeide tett med brukarar, pårørande, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar


  • Ynskte kvalifikasjonar:
  • Minimum 3-årig utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Leiarutdanning og/eller relevant erfaring
  • Kunnskap og erfaring frå tenesteområdet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk


  • Det vil vera ein fordel om du har:

  • Erfaring med personal- og økonomiansvar
  • Erfaring med utviklings- og endringarbeid
  • Gode IT kompetanse og interesse for teknologiutvikling


  • Me ser etter ein leiar som :
  • Er tydeleg, trygg og tilgjengeleg
  • Er fleksibel, strukturert og har evne til å prioritere og ta avgjerdsler
  • Kan leie endringsprosessar på ein inkluderande måte
  • Bidreg med godt humør og engasjement i kvardagen

  • Du må vere god på å samarbeide og bruke dine kreative evner og gode humør til å spele kollegaene dine gode

    Personlege eigenskapar vil verta vektlagd

    Me tilbyr:
  • Ei spanande og meiningsfull leiarstilling med stor påverknadskraft
  • Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Eit aktivt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


  • Tilsetjingsvilkår:

    Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

    Velkomen som søkjar!

    Anna info

    Arbeidsspråk er nynorsk.

    Kontaktperson for stillingen

    Karin Flatabø Thrane

    Kommunalsjef Helse og omsorg

    95138645

    Karin-Flatabo.Thrane@eidfjord.kommune.no

    Om bedriften

    Bygdaheimen er basen for pleie- og omsorgstenestene i Eidfjord. Sjukeheimen frå 2019 har 20 plassar fordelt på somatikk og demens, og ligg vakkert til på Brotkanten.

    Sjukeheimen har eige kjøken, vaskeri og aktivitetsavdeling. Heimetenesta er integrert med sjukeheimen, noko som gir fleksibilitet, god ressursutnytting og tett samarbeid.

    Me har fokus på kvalitet og deltek årleg i faglege nettverk gjennom USHT

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    373e1b92-94bc-42be-8bc4-0547a42e82d2

    Sist endret

    13. juli 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    373e1b92-94bc-42be-8bc4-0547a42e82d2

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser