Spesialpedagog barnehage
Pedagogisk fagsenter
Sjøholtvegen 21, 6240 Ørskog
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Det vert med dette lyst ut etter to stillingar i 100 % som spesialpedagog for barn i barnehagealder med tiltreding snarast.
100 % fast stilling vil frå 01.01.24 vere i Haram kommune.
100 % engasjement fram til 31.07.24. Stillinga vil vere i Ålesund kommune. Spesifiser i søknaden om ønska arbeidstad.
Spesialpedagogisk team er ein del av avdelinga Styrka barnehagetilbod som er organisert i verksemda Pedagogisk fagsenter.
Som spesialpedagog har du ansvar for å følgje opp, gjennomføre, organisere innhald og omfang av enkeltvedtak med rett til spesialpedagogisk hjelp. Spesialpedagogane har hovudsakleg arbeidsstad i barnehagen, der ein arbeider tett saman med personalet i barnehagen for å skape eit miljø for omsorg, utvikling og læring.
Spesialpedagogane arbeider heilskapleg i ein eller fleire barnehagar i heile Ålesund kommune. I fagsenteret sin kontorbase har vi felles plantid, teamarbeid, kompetanseheving og erfaringsutveksling i eit godt sosialt og fagleg miljø.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å følge opp, gjennomføre, organisere innhald og omfang av enkeltvedtak til det beste for den det gjeld og i tråd med barnehagelova, rammeplan for barnehagar og barnekonvensjonen
- Å utarbeide, gjennomføre og evaluere mål og tiltak ved bruk av individuell utviklingsplan
- Kartlegge behovet for rettleiing og samarbeid saman med barnehage og foreldre
- Sikre godt foreldresamarbeid knytt til den spesialpedagogiske hjelpa
- Å styrke og aktivere kompetansen til personalet i barnehagen gjennom rettleiing og modellering
- Å implementere tiltak gjennom heilskapleg pedagogisk tilrettelegging, og sjå samanheng mellom spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak
- Samarbeid i høve gjensidige forventningar mellom spesialpedagog og styrer/barnehage
- Å vere drøftingspartner i spesialpedagogiske spørsmål kring vidare tilvisingar, overgangar, tverrfagleg samarbeid
- Å delta i aktuelle møter og planarbeid i barnehagen
- Spesialpedagog må rekne med å samarbeide med ein eller fleire barnehagar i kommunen
Kvalifikasjonar
- Bachelor barnehagelærar med vidareutdanning innan det spesialpedagogiske feltet tilsvarande 60 stp.
- Anna pedagogisk/relevant bachelor med anna relevant vidareutdanning (60 stp.) kan verte vurdert
- Erfaring frå fagfeltet som barnehagelærar/pedagogisk leiar og erfaring frå arbeid med spesialpedagogikk og spesialpedagogiske metodar vil vektast
- Må ha sertifikat og disponere eigen bil
- Politiattest påkrevd
- Bestått Norskprøve i tråd med føringar i Barnehagelova § 27, jf. UDIR nivå A2 og B1
Personlege eigenskapar
Vi søkjer spesialpedagog som :
- Har gode samarbeidsevner og kan motivere andre
- Er kreativ og arbeider målretta og sjølvstendig
- Er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie
- Særleg interesse for det spesialpedagogiske fagfeltet og kan bidra til innovativ utvikling og læring
- Evne og vilje til å tileigne seg relevant fagkunnskap på relevante tema/fagområde
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Kjennskap til IT-system og e-lærings verkty
- Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta
Vi tilbyr
- Eit høgt fagleg nivå med rom for eigen utvikling og læring
- Godt sosialt miljø med gode kollegaer
- Spanande utfordringar både fagleg og sosialt
- God rettleiing og oppfølging
Kontaktinformasjon
Hanne Katrine Helle, Avdelingsleiar , 992 97 087, hanne.katrine.helle@alesund.kommune.noSolfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøholtvegen 216240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4704215201
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 24.09.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2431076
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a7f650db06104a6e9cccb4a2afc4755b