Sommarjobb i Ramsund
Forsvarsbygg
9442 Ramsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb i Ramsund
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Forsvarsbygg i Ramsund søker sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til utendørsdrift.
Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, kantklipp, luking i bed og andre liknande oppgåver.
Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du ønsker å jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i Ramsund 100 % stilling i 4 veker innanfor den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg. Det kan vere aktuelt med arbeid ettermiddag og helg etter skulestart ved behov.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Klipping av plen
- Kantklipping
- Luking i bed
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år
Nokre søkarar/kandidatar må ha sertifikat kl B - Du må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Nikolay Øverland, Områdeleiar, 476 97 594Arbeidsstad
9442 Ramsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: ForsvarsbyggReferansenr.: 4928039624
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Nikolay Øverland
Områdeleiar
476 97 594
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2890828
- Hentet fra
talentech
- Referanse
29cc85eea69246c99e192acafd73c893