Lærarar
Suldal kommune Overordna oppvekst
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. april
Bli ein del av lærarane sitt Kraftlag i Suldal
Me ønskjer deg som set elevane i fokus.Om oss:
Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som lærar hos oss jobbar du tett på elevane, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Kven ser me etter?
Du har godkjent lærarutdanning. For skuleåret 26/27 ser me særleg etter lærarar med følgjande fagkompetanse: tysk, musikk, matematikk, naturfag, engelsk og norsk.
Du planlegg og gjennomfører undervisning som vekker nysgjerrigheit og motivasjon hos elevane.
Du bidreg til eit inkluderande og støttande læringsmiljø. Du jobbar for at alle elevar blir sett og får støtte til å utvikla seg.
Du er god på å variere undervisningsmetodar og er løysingsorientert, slik at ulike læringsbehov blir møtt.
Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
Du er engasjert i elevane si læring og trivsel og deltek aktivt i skulen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt skulemiljø.
Kraftlaget – kva får du hos oss?
ArbeidsmiljøVelferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagslivMe gir ekstra lønnstillegg til lærarar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Lærar som har spesialpedagogiske oppgåver, eller norsk 2, og som ikkje har funksjonstillegg som konktaktlærar: 18 000 kroner
Sosiallærar: 26 000 kroner
Rådgjevar: 26 000 kroner
Kontaktlærar for 1-12 elevar: 18 000 kroner
Kontaktlærar for 13-16 elevar: 20 000 kroner
Kontaktlærar for 17-24 elevar: 26 000 kroner
Kontaktlærar for 25 elevar eller fleire: 32 000 kroner
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i SuldalDersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Bedriftshelseteneste
Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36c7ea65-703c-4c80-9485-90e74390a4d2
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3610915_200259_nn