Kontorfagleg konsulent / førstekonsulent
Kontorfagleg eining, Bufetat
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Kontorfagleg konsulent / førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
Bufetat søkjer ein engasjert kollega til 100 % fast stilling som konsulent/ førstekonsulent, med snarleg oppstart.
Hos oss blir du ein del av vår kontorfaglege eining, som for tida består av 17 hyggjelege medarbeidarar fordelt på fire felleshus i regionen; Førde, Haugesund, Stavanger og Bergen. Din arbeidsplass vil vere ved vårt kontorlokale i Stavanger. Fra 2026 flytter vi inn i nye og moderne lokaler i Jåttåvågveien 10.
Vil du vere med på å vidareutvikle rolla vår som ein føreseieleg og profesjonell service- og støttefunksjon for resten av organisasjonen? Er du ein lagspelar som veit å utøve godt medarbeidarskap og vil bidra til eit positivt sosialt og fagleg fellesskap? Er du trygg i situasjonar som kan vere krevjande og stressande, og har ei ro og eit nærvær som gjer at du handterer slike situasjonar på ein profesjonell måte?
Då er du kanskje den vi leitar etter og vi vil gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgaver
Som kontorfagleg konsulent bidreg du til at Bufetathus Stavanger blir drifta på ein god måte, og at dei administrative oppgåvene - blir løyst effektivt og med høg kvalitet.
Her er nokon av arbeidsoppgåvene vi håpar vil gi deg arbeidsglede:- Utføra bestillingar og kjøp av varer og tenester, kurs og konferanse på vegne av barnevernsinstitusjonar, tiltak og Stab.
- Administrativt og økonomisk arbeid, medrekna bestillingar, dokument- og kontroll av bilag, kontere og attestere faktura.
- Oppgjer i samband med drift- og klientrelaterte utgifter.
- Ansvarleg for oppgåver som ligg til servicesenter Bufetathus Stavanger. Blant anna:
- Service til besøkjande, leverandørar og tilsette.
- Digital og anna rettleiing til kollegaer og besøkjande. Under dette støttefunksjon AV/IKT utstyr for alle tilsetja (blant anna møteromutstyr, smarttelefonar og berbare pc'ar).
- Diverse ad hoc- oppgåver som krev oppfølging i lokala våre.
- Service til besøkjande, leverandørar og tilsette.
Kvalifikasjonar:
For tilsetting som konsulent må du ha fullført ein av desse utdanningsløpa:
- treårig vidaregåande utdanning
- relevant fagbrev
- fagutdanning
i kombinasjon med relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver.
For tilsetting som førstekonsulent krevst fullført utdanning frå høgskule eller universitet, med minimum bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
- Erfaring med rekneskap og fakturahandtering.
- Erfaring frå innkjøp og/ eller bestillingar.
- Erfaring frå offentleg sektor.
- Erfaring med ulike digitale system, eksempelvis arkiv-, faktura og bestillingssystem og Microsoft 365.
- Erfaring som brukarstøtte i form av direkte kontakt og løpande oppdrag gjerne frå helpdesk/ servicedesk, IT-drift og brukarstøtte
Du må beherske norsk flytande som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg. Beherske nynorsk som skriftleg arbeidsspråk.
Har du interesse for teknologi og likar å forstå korleis ting heng saman – enten det gjeld nettverk, digitale møterom eller IT-system? Du treng ikkje formell utdanning innan IKT, men vi set pris på praktisk erfaring og teknologisk nysgjerrigheit.
Anna som og kan vere fint om du har:
- Prosjektfagleg kompetanse (kunnskap og erfaring med prosjektarbeid eller prosjektleiing).
- Erfaring eller kjennskap til LOA (lov om offentleg innkjøp)
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Dialog og tilbakemeldingar frå kollegaer, besøkjande og samarbeidspartnarar blir sett på som den viktigaste kvalitetsindikatoren vår. Det blir difor forventa at du har god rolleforståing i framferd og utføring av oppgåver.
Det er særleg viktig at du er komfortabel med å vera tilgjengeleg for besøkjande og kollegaer, samtidig som du løyser dine daglege gjeremål. Av den grunn må du vera robust nok til å handtera ulike driftshendingar som førstelinjepunkt. Du har ei ro og eit nærvær som gjer at du handterer krevjande og stressande situasjonar på ein profesjonell måte.
Du må rekna med at stillingsinnhaldet kan endrast på sikt. Vi arbeider i eit fagområde som krev høg grad av fleksibilitet og omstillingsevne.
Vi trur du vil trivst i denne stillinga viss desse punkta beskriv deg:
- Du er imøtekommande, hjelpsam og oppteke av å skape ein god atmosfære.
- Du trivst med å vere den som kan litt om alt.
- Du tek raskt til deg kunnskap, og er i stand til å bruka eksisterande kunnskap på nye måtar.
- Du liker å jobba i ulike system for å handtera arbeidet ditt, og prioritera arbeidet på ein måte som gjer at du leverer godt innan oppsette fristar.
- Du trivst med rutinepregede oppgåver.
Vi ønskjer oss ein lagspelar som veit å utøva godt medarbeidarskap og vil bidreg til eit godt sosialt og fagleg fellesskap.
For oss er det svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli teke med i den totale vurderinga. På grunn av einingas samansetning oppmodar vi menn til å søkje.
- Konsulent: Stillinga blir løna etter statleg lønnsregulativ som konsulent SKO 1065, lønnsspenn frå 490 000 til 570 000 brutto per år.
- Førstekonsulent: Stillinga blir løna etter statleg lønnsregulativ som førstekonsulent SKO 1408, lønnsspenn frå 500 000 til 590 000 brutto per år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Moglegheit til å trene inntil ein time i veka, i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid (kjernetid kl 09.00-14.30).
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjøl.
Vidare vil du blir ein del av vår engasjerte enhet og bidra til vårt gode arbeidsmiljø og felles mål. Er du klar for utfordringa?
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til Kontorfagleg eining.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Emma Kirsti Stenhouse Ytrearne, Seksjonssjef, 47618099Arbeidssted
Lagårdsveien 444010 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4986778919
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Emma Kirsti Stenhouse Ytrearne
Seksjonssjef
47618099
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
369a3fee-6ba3-477a-9c16-71eb3d3bbbf6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e865162b1a64208adbfb03eedb452fd