Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Parkvegen 84, 6412 Molde, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 21. februar
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar.
I avdelinga vår har vi ledige stillingar som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund. Vi kan tilby vikariat med minimum 6 månader lengde. Dersom du har ønske om å spesialisere deg innan fagfeltet kan vi også tilby fast stilling som LIS3 ved dei ulike lokasjonane.
Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i. Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Tilsetjing vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsvilkåra. Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.
Arbeidsstad er i ein av dei fire byane i vakre Møre og Romsdal fylke, med flott natur og eit rikt kulturliv.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
- Fagleg utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Lege kan etter avtale ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning
- Vi søkjer etter deg som er lege under spesialisering og som ønskjer å jobbe minimum 6 månader i barne- og ungdomspsykiatri
- For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg
- Lege som ventar på turnusteneste kan også søkje på vikariat
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rekrutteringstillegg
- God rettleiing og oppfølging
Kontaktinformasjon
Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4907942680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851749
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aceb63398c3442b1be8eea59c8535e66