Hopp til innhold

Matros i sambandet Bognes-Skarberget,  p.t. MF Glutra

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Rv85, 8275 Storjord i Tysfjord

Om jobben

Stillingstittel
Matros i sambandet Bognes - Skarberget, p.t. MF Glutra
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Glutra

Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. 

Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.

I denne stillinga jobber du 2 veker på og 2 veker fri. Ferja går på dag og det er mulighet til å bu ombord i skiftperioden. I tillegg vil du få 6 vekers sommarferie. 

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • MES opplæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar

Personlege eigenskapar

  •  

    Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
    • Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter, treningsstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
    • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av, 6 vekers sommarferie. 

    Kontaktinformasjon

    Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Rv85
    8275 Storjord i Tysfjord

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5128039778
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 26.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigrunn Hellebust

    Rekrutteringsmedarbeider

    sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    36469c13-f2c3-4ebd-8773-9e39538af9f8

    Sist endret

    11. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    32eeb8e7f9ab43c5b4a912e7cd673a7c

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser