Avdelingsleiar Ørstaheimen Korttidsavdelinga vikariat
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
I Ørsta kommune er det for perioden d.d. til 1.12.2025 ledig vikariat med moglegheit for fast tilsetting som avdelingsleiar i kommunalområde Helse, omsorg og velferd, med f.t. Korttidsavdelinga som tenestestad.
Korttidsavdelinga er ein viktig del av helsetenestene i kommunen og tilbyr tverrfagleg behandling, rehabilitering, avklaring og lindrande behandling for pasientar med behov for kortvarig opphald. Vi har fokus på høg kvalitet, pasienttryggleik og gode pasientforløp. Vi har god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga.
Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie. Korttidsavdelinga har 16 rom.
Om stillinga:
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle med både fagleg og administrativt ansvar for Korttidsavdelinga. Dette er ei krevjande og utfordrande stilling i eit komplekst tenestetilbod med høgt tempo, stor variasjon og kontinuerleg behov for tverrfagleg samhandling. Det er forventa at du jobbar systematisk og målretta etter kommunen sin kvalitetsstandard og at du bidreg til å sikre god pasientflyt.
Avdelinga er tilknytt sjukepleieteam, og vi har eit sterkt fokus på utvikling, samhandling og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Du vil vere ein del av tenesteleiar si leiargruppe, og samarbeide tett med andre avdelingsleiarar. Eit godt teamarbeid mellom avdelingane er avgjerande for å utvikle gode og berekraftige løysingar for framtidas helsetenester.
Som heiltidskulturkommune jobbar vi etter prinsippa for årsplanlegging og oppgåvedeling, og ønskjer ein leiar som vil vidareføre og vidareutvikle denne kulturen.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Oppfølging av tilsette
- Ansvar for medisinrom og legemiddelbestilling
- Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging
Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.
Kvalifikasjonar
Det vert søkt etter offentleg godkjent sjukepleiar. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.
Vi vil særleg leggje vekt på følgjande:
- Leiarerfaring
- Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Kunnskap om turnusplanlegging. Fordel med erfaring frå turnusprogrammet ressurststyring (RS), men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til å inspirere og ta initiativ
- Evne til å leie, motivere og skape resultat
- Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
- Omstillingsdyktig
Vi tilbyr
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3 Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4966251398
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 11.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig