Operatør kokeri/produksjon
Lerum AS
Kloppavegen 13 6854 Kaupanger, 6854 Kaupanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Operatør produksjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Operatør kokeri/produksjon
Spennande operatørstilling i landets beste saft- og syltetøyfabrikk.
Lerum AS er i vekst og har ledige faste stilling i produksjon som operatør, avdeling syltetøy. Vi søker etter dyktige, initiativrike og sjølvstendige personar, som vil vere ein del av laget som er best på saft og syltetøy i landet. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø. Ønska kvalifikasjonar:
- Ønskeleg med erfaring frå produksjons- eller næringsmiddelverksemder, eller annet relevant arbeid
- Teknisk innsikt og interessert i produksjonsprosessar
- God datakunnskap
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønska personlege eigenskapar:
- Du er ein positiv og løysingsorientert kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen
- Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling
- Du har god arbeidskapasitet
- Du er god på å skape relasjonar
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Arbeid med sterke merkevarer i vekst
- Eit spennande fagmiljø med høg kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Frist: Snarast
Tilsetjingsform: Fast Om arbeidsgivaren
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde og femte generasjon Lerum no er eigarar. I 2025 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 936 mill. kroner og 137 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.
Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.
I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.
BEREKRAFT SIDAN 1907«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn -- kjærleik til frukt og bær. Ta vare på -- Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og LokalsamfunnetOm bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36314f2a-76d0-42eb-b1e4-ae995f20430f
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
453452451