Kommunedirektør
Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Kommunedirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. august
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. ein times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.500 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. to vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Med meir enn ein million turistar kvart år er Stranda kommune ein av dei største reiselivskommunane i Noreg. Geirangerfjordområde har verdsarvstatus frå UNESCO. Kommunen er opptatt av styrka samarbeid med verdsarvstiftinga, og å vere ein pådrivar for arbeidsplassar og verdiskaping knytt til verdsarvstatusen. Stranda kommune har om lag 400 tilsette og er av dei større arbeidsgjevarane i kommunen. Meir om oss på www.stranda.kommune.no
Som ny administrativ leiar søkjer vi ein erfaren, drivande, klok og samlande leiar med solid erfaring frå drift og utvikling av større komplekse og gjerne politisk styrte organisasjonar. Du har eit heilskapleg og strategisk perspektiv som leiar, har ambisjonar på vegner av fellesskapet og er inkluderande og motiverande i din måte å leia på.
Ønskt bakgrunn/erfaring
- Solid økonomiforståing
- Erfaring med prosessar innan utvikling og endring med dokumenterte resultat
- God kunnskap om digitalisering og effektivisering
- Erfaring frå samarbeid med tilsette sine organisasjonar
- God på relasjonsbygging, erfaring med mediekontakt og arbeid i «det offentlege rom».
- Gode resultat frå team/leiargruppeutvikling.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Høgare relevant utdanning, helst på master-nivå.
Leiarstil/personlege eigenskapar
- Tydeleg, trygg, robust og synleg som leiar.
- Analytisk og med eit strategisk perspektiv.
- Løysings- og handlingsorientert og sterk på gjennomføring.
- Engasjert, uformell, open og ærleg, og skaper forutsigbarheit og tryggleik
- Lagbyggjar som òg kan ta naudsynte avgjerder.
Vi tilbyr
- Ein sjeldan moglegheit til å setje preg på vakre Stranda kommune.
- Menneskeleg og fagleg utvikling, og ein arbeidsintensiv kvardag
- Eit tett og kompakt lag med tverrfagleg kompetanse
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentleglova § 25 2.ledd kan opplysningar som søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Kontaktinformasjon
Einar Arve Nordang, Ordførar, 46411001Per Inge Hjertaker, Konsulent Hjertaker Aaberg AS, 91729682
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4987529547
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Per Inge Hjertaker
Konsulent Hjertaker Aaberg AS
91729682
Einar Arve Nordang
Ordførar
46411001
Om bedriften
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 1500,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
361689e1-ac6f-4626-a314-3aecf0364a4f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09ab418e5c8541429fdcd07326964016