Einingsleiar/rektor Sunde skule
Kvinnherad kommune Sunde skule
Hamrabrekko 12, 5450 Sunde i Sunnhordland
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. mai
Sunde skule har frå 01.08.25 ledig stilling som rektor/einingsleiar. Skulen har 79 elevar i 1. - 7. trinn, 11 lærarar og 4 assistentar. Skulen er organisert med rektor, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam. Einingsleiar er ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.
Skulen ligg nær opp til Sunde barnehage i bygda Sunde, om lag 4 km frå Husnes.
Bygda har sterk lokalhistorisk tradisjon innan båtbygging, segling og fiske og skulen har eigne undervisningsopplegg i kystkultur.
Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.
Vi ønskjer ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar- relevant høgskule- og/eller universistetsutdanning innan pedagogikk
- leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- engasjemenet for elevane sine resultat og trivsel
- evne til å inspirerer og drive ein lærande organisasjon
- inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Vidareutdanning i leiing - rektorskulen
- Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og fagleg nettverk
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 a og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921712
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3494581_226029_nn