Stabsrådgivar samferdselsområdet
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Stabsrådgivar samferdselsområdet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Er du vår nye stabsrådgivar? Du får arbeide med koordineringa av fagavdelingane FRAM og Fylkesveg som utgjer tenesteområdet samferdsel. Stabsrådgivarstillinga er underlagt samferdselsdirektøren.
Koordineringsansvaret bygg i stor grad på overordna plan- og rapporteringsarbeid og strategisk leiarstøtte/-styring innanfor tenesteområdet. Stabsrådgjevaren skal ivareta oppgåver innanfor tenesteområdet/sektoren sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og overordna strategisk planarbeid. Rådgjevaren skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar mm til fagavdelingane.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan sjølv velje kontorstad. For denne stillinga må ein pårekene jamnleg oppmøte på kontora i Molde.
Arbeidsoppgåver
Bistå sektorleiinga med å ivareta styrings- og koordineringsfunksjonar, ma ved å;
Støtte sektorleiinga med strategisk rådgjeving og administrative oppgåver innan planlegging, koordinering, og implementering av ulike prosjektar og initiativ innan heile samferdselsområdet.
Bistå i arbeidet med leiaravtalar, styrings- og oppdragsnotat, verksemdsplanar, m.m.
Til ei kvar tid ha oversikt/status over saker frå samferdselsområdet til politiske utval samt bestillingar frå politisk til administrasjon
Sjølvstendige utgreiings- og analyseoppdrag ved behov
Sikre gode samarbeidsrelasjonar og god kommunikasjon i rutinar og leveransar innan fagområdet
Bistå med prosessleiar-/prosjektleiarkompetanse i arbeid staben har ansvar for (td. økonomiplan, fylkesplan, mm)
Andre oppgåver tillegges ved behov
Kvalifikasjonar
Utdanning på masternivå innen relevante fagområder som samfunnsvitenskap, samfunnsplanlegging eller liknande.
Personalleiarerfaring eller annen relevant leiarerfaring
Erfaring frå arbeid med poltiske saker
Erfaring med langsiktig strategiarbeid
God prosessforståing
God skriftleg og munnleg formidlingsevne
Personlege eigenskapar
-Er initiativrik og løysingsorientert-Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
-Gode samarbeidsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Jesper Wiig, Samferdselsdirektør , 97586533, Jesper.Wiig@mrfylke.noMagne Arild Vinje, Ass. Samferdselsdirektør, 91378582, Magne.Arild.Vinje@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4970203386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2948995
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a46466e80844aa99e04d4a0fe4d310f