Vi søker spesialpedagog til Nav Vestland
Nav Kompetansesenter for arbeidshelse
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. august
Nav Kompetansesenter for arbeidshelse har eit ledig vikariat som spesialpedagog i avdelinga Nav Arbeidsrådgiving, då ein av våre pedagogar har utdanningspermisjon. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til Nav sitt samfunnsoppdrag – å gi menneske moglegheiter.
Arbeidsrådgiving er eit av tre kompetansesenter for arbeidshelse, saman med Senter for jobbmeistring og dei rådgivande overlegane i Nav Vestland. Vi er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med fagkompetanse innan arbeidshelse, arbeidspsykologi, pedagogikk og metodar for kartlegging og rettleiing.
I avdelinga for arbeidsrådgiving blir du ein del av eit team på ni tilsette med seks psykologar/psykologspesialistar og tre pedagogar/spesialpedagogar. Vi leverer tenester til Nav-kontora i Vestland fylke, og samarbeider tett med rettleiarar, jobbspesialistar og rådgivande legar. Tverrfagleg samarbeid er ein sentral del av arbeidshverdagen.
Det vil være noko utadretta verksemd overfor arbeidsgivarar, behandlarar og andre vi samarbeider med innan både utdanningssektoren og helsesektoren. Arbeidsrådgivningstenesta er geografisk plassert i to regionar; Bergen og Sunnfjord, og deltek i tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing ved Nav-kontor i andre regionar. Du må difor rekne med noko reise i samband med jobben.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta rettleiing og utgreiing av personar med ulike utfordringar knytt til det å fungere i arbeid
- Kartlegging av ressursar og føresetnader hos personar, sett opp mot moglegheiter og krav i arbeidsmarknaden
- Vurdering av bistandsbehov med tanke på moglegheiter for arbeid, i lys av personen si fungering og helse
- Rettleiing og rådgiving til rettleiarar ved Nav-kontor
- Deltaking i samtalar med brukar
- Saksdrøfting i samarbeid med interne eller eksterne samarbeidspartar
- Tematisk og fagleg undervising
- Gi råd og rettleiing i samansette brukarsaker
- Jobbe tverrfagleg innen område arbeidshelse
Kvalifikasjonar
Desse kvalifikasjonane må du ha
- Fullført utdanning på masternivå innan spesialpedagogikk eller tilsvarande embetseksamen i pedagogikk eller spesialpedagogikk frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Svært gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- God erfaring med bruk av grunnleggjande digitale verktøy og arbeidsformer, innan Microsoft (Outlook, Word, PowerPoint, Teams o.l.)
Det er ein fordel om du og har
- Erfaring frå oppfølgingsarbeid og rettleiingssamtalar
- Erfaring med å leie og gjennomføre tverrfaglege møte
- Erfaring frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), arbeid innan helsesektoren, vidaregåande skule, andre rettleiingsinstansar eller tilsvarande oppgåver i Nav
- Erfaring med munnleg og skriftleg fagformidling
Vi ser etter deg som
- Har gode relasjonelle evner
- Arbeider målretta, strukturert og effektivt
- Samhandlar godt med andre og trivst med tverrfagleg teamarbeid
- Har gode evner og interesse for å drive rettleiing og opplæring
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Variert og tverrfagleg samarbeid
- Fagleg utvikling og oppfølging innafor relevante fagområde for stillinga
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønnsspenn frå kr. 650.000 til kr 720.000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleder, 40827552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4995896220
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 01.09.2027
Søknadsfrist: 27.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35d866c5-03df-4a71-8850-078e12431454
- Hentet fra
talentech
- Referanse
49839fbacf8a4a49b8eaddf2f45c2966