Hopp til innhold

Norbits ynskjer deg!

Arbeidsgiver

Norbits AS

Sted

Regimentsvegen 158, 5705 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Systemkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Me i Norbits er ein så rå, evnerik, samansveisa og samkøyrt gjeng at me veks i rasande fart. Difor søkjer me no endå ein klok og passeleg sprø person på laget vårt.

Har du erfaring frå bil- eller dekkbransjen og lyst til å bruke kompetansen din på ein ny måte? Då vil me gjerne snakke med deg.

Me er ein god gjeng på 15 stykk som kvar dag jobbar for å gjere kvardagen enklare for bil og dekkverkstadene i Noreg. No ser me etter deg som trivst med folk, teknologi og problemløysing, og som likar å hjelpe andre til å lykkast.

Hjå oss kan statusmøte haldast i stolheisen, ved fjorden eller på kontoret. Det viktigaste er at me leverer gode løysingar og skaper verdi for kundane våre.

Kven er me?

Norbits utviklar og leverer norbits.Verksted, eit moderne verkstadsystem for bil- og dekkverkstader over heile landet. Målet vårt er enkelt: Me skal gjere kvardagen enklare, meir effektiv og meir lønsam for kundane våre.

Kundemassen vår veks raskt, og difor treng me fleire flinke folk som kan hjelpe både nye og eksisterande kundar med å få mest mogleg ut av løysinga.

Arbeidsoppgåver

Som systemkonsulent vil du vere ein sentral del av kontakten mellom Norbits og kundane våre.

Arbeidskvardagen vil mellom anna bestå av:

  • Fyrste linje kundesupport på telefon og e-post

  • Oppfølging av eksisterande kundar

  • Opplæring av nye og eksisterande kundar

  • Oppsett og etablering av nye verkstader i systemet

  • Bidra til sal og mersal mot eksisterande kundar

  • Utarbeide dokumentasjon, rettleiingar og opplæringsmateriell

  • Formidle innspel frå kundar til produkt- og utviklingsteamet

Kva ser me etter?

Du treng ikkje nødvendigvis ha høgare utdanning. For oss er erfaring, interesse og personlege eigenskapar minst like viktige. For denne rolla ynskjer me å ha deg med på laget på Voss. Me trur dei beste resultata kjem når me sit tett på kvarandre, lærer av kvarandre og byggjer kultur saman, så stillinga har fast arbeidsstad på Voss.

Dei fleste kundane våre er bil- og dekkverkstader. Erfaring frå bransjen er ein stor fordel. Når ein kunde ringjer inn med ei utfordring, er det viktig å forstå både systemet og arbeidskvardagen ute på verkstaden

Det er ein fordel om du:

  • Har erfaring frå kundemottak på bilverkstad eller dekkverkstad

  • Erfaring som mekanikar eller dekkmontør

  • God forståing for arbeidsprosessane på eit moderne verkstadgolv

  • Interesse for bil, dekk, teknologi og digitale løysingar

  • Likar å arbeide med kundar og relasjonsbygging

  • Er komfortabel med telefon og digitale verktøy

  • Har evne til å forklare tekniske ting på ein enkel måte

  • Er strukturert og sjølvgåande

  • Har interesse for teknologi og digitale løysingar

Kven er du ?
  • Om du har tenkt å vera sur kan du holda deg heima, så fint om du er grei og omgjengeleg. Om ikkje så er me fleksible på løysingar for heimekontor

  • Fint om du har interesse for å utvikle deg fagleg, og at du meir enn gjerne deler denne kunnskapen med resten av teamet

  • Kvalitet og struktur er ikkje framandord for deg

Du treng ikkje kunne alt om programvare frå før. Det viktigaste er at du forstår kvardagen til kundane våre. Resten kan me lære deg

Kvifor Norbits?

Hjå oss vil du få jobba i eit trygt selskap med stabil økonomi. Samtidig er me kjenneteikna av ein passeleg dose galskap med fokus på innovasjon, kreativitet og å eksperimentera til det beste for både oss og kundane våre.

Me har kontorlokale sentralt på Voss og i Ulvik. Me er ein gjeng som liker å ha det kjekt både på arbeid og utanfor, samtidig som me er opptatt av å finne dei beste løysingane for kunden og oss sjølve. Me er opptatt av å utvikle ikkje berre løysningar for kundane våre, men også vår eigen kunnskap og forståing. Kompetanseheving sett me i høgfokus, og støttar aktivt opp om dette med båe kursing og arbeidssamlingar. Både internt og eksternt

Me finn stadig på nye sprell og er sjeldan vanskelege å få med på ein fest. Om været er fint, er me fort å finne i ein paraglidar eller på fjellet om det er pudder. Firmatur og bonusordningar er berre nokre av godane me tilbyr. Løn som tåler samanlikning med naboen, vilkår som gjer at du slepp å flytte heim att til mor, og kollegaer som stort sett er trivelege.

Kvifor Voss?

Voss -- bygda for sterke opplevingar! Dei seier verda er vid, og kanskje ingen annan plass på jorda er dette meir korrekt enn på Voss. Frå djupe skogar og høge fjell, heftige stryk og eit sjarmerande sentrum. Her finn du alt du kan drøyme om, og litt til. Om ikkje ekstrem natur eller ekstremsport kan freista deg, så er det også ekstremt kjekke folk på Voss og omland. Det er heller ikkje lange vegen til storbyen Bergen, om du er ein som likar sånt.

Om dette høyrest knall ut eller du lurer på noko, så ta gjerne kontakt med oss.

Sjå også på nettsidene våre norbits.no for meir informasjon. Me intervjuar fortløpande, og alle kandidatar vert behandla konfidensielt.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

35d3d085-8fbc-4336-b81d-6c5e62618c66

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

475888158

Lignende annonser

Laster lignende annonser