Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Er du interessert i å arbeide med rehabilitering i eit tverrfagleg team, der fagleg samarbeid og heilskapleg tilnærming står i fokus?
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleier/spesialsjukepleiar ved seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering. Stillinga er i todelt turnus med jobb 3. kvar helg, ein må rekne med noke arbeid på natt.
Sengeposten er ein del av seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi driv spesialisert rehabilitering med pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om spesialisert rehabilitering hos oss er personer med kompleks fysisk og/eller kognitiv funksjonsnedsetting som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjonar.
Hos oss får du være med å spele ei viktig rolle i pasientens rehabilitering over tid. Du blir del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø med fokus på å bygge kompetanse for å sikre god oppfølging av pasientane. Vi arbeider i tverrfaglege team for å finne gode løysinger saman. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, som består av inntil ni forskjellige fagprofesjoner.
Vi søker deg som har interesse for å jobbe i tverrfagleg team, og som ønsker å vere med på å bygge eit fagleg sterkt miljø rundt pasientgruppene. Vi ser for oss at du trives med aktive arbeidskvardager, er god til å planlegge og ha struktur. Du er fleksibel, har ei positiv innstilling. Den totale sammensetninga i eit tverrfagleg team er viktig, og vi vektlegg derfor personlege eigenskapar.
Ved intern rokkering, kan det bli ledig stilling i lavere stillingsbrøk.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
- Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
- Bidra i fagutvikling/forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Krav om meistring av norsk skrftleg og munnleg særs godt
- Du har erfaring og kompetanse frå sengepostarbeid, gjerne fra rehabiliteringsfeltet
- Gjerne vidareutdanning innan relevant fagfelt, feks sjukepleieretta, rehabilitering eller psykiatri
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er positivt
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
- Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5026377300
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
35c534ec-10ed-4f00-ac33-6cbcf454b0b2
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a3f40186420546bd87cc478d1f32238a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sykepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Psykose sengepost SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund