Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ledig ei 100 % midlertidig stilling/vikariat som fysioterapeut eller spesialfysioterapeut ved Ålesund sjukehus frå 1. desember 2025 til 1. mars 2026, med moglegheit for forlenging.
Stillinga er knytt til ein aktiv og fagleg sterk seksjon med 11 fysioterapeutar og 3 turnusfysioterapeutar. Seksjonen tilbyr fysioterapi til dei fleste somatiske avdelingane ved sjukehuset og har eit tett samarbeid med både legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell.
Arbeidet er variert, lærerikt og fagleg utfordrande. Arbeidsområdet vil vere retta mot ortopedisk eller medisinsk avdeling, avhengig av kompetanse, erfaring og behov i seksjonen. Du vil inngå i eit tverrfagleg miljø som har fokus på kvalitet, samarbeid og pasienttryggleik.
Vi søkjer ein fagleg engasjert fysioterapeut med gode samarbeidsevner og interesse for klinisk arbeid i spesialisthelsetenesta. Det må påreknast deltaking i helgevaktordning med ein arbeidsdag kvar femte helg, samt noko arbeid på ordinære arbeidsdagar i jul og romjul.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, vurdering og oppfølging av pasientar med ortopediske eller medisinske problemstillingar
- Pasientarbeid knytta til sengepost og poliklinikk
- Samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeut, Lege og sjukepleiar
- Delta i felles helgevaktsordning som gjeld heile sjukehuset
- Bistå i å halde orden og oversikt over hjelpemiddel som vert disponerte av heile sjukehuset
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- God klinisk vurderingsevne og tryggleik i møte med pasientar med ulike funksjonsnivå
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid som fysioterapeut i spesialisthelsetenesta/sjukehus er ein fordel
- Erfaring frå ortopedisk, medisinsk eller intensiv avdeling er ein fordel
- Kjennskap til Helseplattforma er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
- Du er strukturert og fleksibel
- Du trivst med teamarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, +47 70 10 51 77, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5025131968
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 05.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f9f0c63-65ea-484f-9604-ac827465b326
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e62d63a127784d8e9d7929c6c2d6995b
Lignende annonser
Lege i spesialisering , fysikalsk medisin og rehabilitering
Arbeidsgiver
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
100 % vikariat som sykepleier ved Aksla og Ellingsøy heimeteneste
Arbeidsgiver
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt
Sted
Ålesund
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund