Hopp til innhold

Tilkallingsvikar - Maskinsjef i Trøndelag på sambandet Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

7600 Levanger

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Maskinsjef i Trøndelag på sambandet Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Vi søkjer tilkallingsvikar som maskinsjef som vil gjelde sambanda Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad.

Fjord1 har behov for å knytte til seg vikarar til kortare og lengre tilkallingsoppdrag i stillinga som maskinsjef i Trøndelag. Behovet vil gjelde ulike samband. 
Ein fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til?
Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.
Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
  • Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
  • Opplæring av personell under si leiing
  • Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
  • Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
  • Sørgje for oppdatert stoffkartotek
  • Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat M3
  • MES-Opplæring
  • FSE-Kurs
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandteringskurs
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.

Kontaktinformasjon

Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad


7600 Levanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5090431819
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jill Mari Juberg

Rekrutteringsmedarbeider

+47 +4794082518

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3585b988-98ab-4b76-ab43-759dfe0f4efd

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b8eb397d21b48b1a51437d69b8a1855

Lignende annonser

Maskinist (skip)

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Trøndelag, Vestland, Island

Superrask søknad

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Troms, Trøndelag, Vestland, Island, Østfold

Superrask søknad