Bli med på laget med å forvalte Noregs største private eigedom
Skjåk Almenning
Industrivegen 10, 2690 Skjåk
Om jobben
Stillingstittel
Økonomiansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Her får du meir enn berre ei økonomistilling - du blir ein del av eit stort fagmiljø midt i fjellbygda!
I Skjåk Almenning får du moglegheita til å kombinere ansvar og fagleg fordjuping med ein variert og meiningsfull kvardag. Du får vere tett på avgjerder og utvikling, i ei rolle der du verkeleg får påverke. Her jobbar vi ikkje berre med tal -- vi jobbar med verdiskaping for lokalsamfunn, natur og framtid.
Stillinga omfattar både rekneskapsføring og overordna økonomileiing i Skjåk Almenning, samt leveranse av rekneskapstenester til våre dotterselskap og samarbeidande verksemder. Du får ei sentral rolle og vil rapportere direkte til dagleg leiar. Administrasjonen består av seks dedikerte tilsette, og vi held til i trivelege lokale saman med fleire andre kompetansebedrifter. I same bygg finn du mellom anna Statens naturoppsyn (SNO), Glommen Mjøsen Skog SA, forvaltaren for Breheimen Nasjonalpark, Den Norske Turistforening (DNT) og Skjåk IL -- eit levande og fagleg sterkt miljø.
Arbeidsoppgåver:-
Overordna fagansvar for rekneskap
-
Rekneskapsførsel A-Å
-
Budsjett og rekneskapsavslutning
-
Fakturering og løn
-
Økonomiske analyser
-
Oppfylging av pensjonsordningar og forsikringar
Vi ser etter deg som har solid erfaring innan rekneskap og økonomistyring -- og som trivst med både detaljar og heilskap. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og er ein trygg og sjølvstendig fagperson som får ting gjort. Du er engasjert, samarbeidsvillig og fleksibel, og du har ei naturlig evne til å skape struktur og framdrift -- også når dagane er varierte og tempoet høgt.
Vi tilbyr:-
Fast tilsetting i 100 % stilling
-
Spennande og sjølvstendig arbeid i ei solid bedrift
-
Godt og kompetent arbeidsmiljø
-
Påvirkningskraft for å utvikle bedriftene
-
Fleksibel arbeidstid
-
Delvis heimekontor om ynskjeleg
-
Moglegheit for andre arbeidsoppgåver i bedriftene
-
Løn og andre vilkår etter avtale
Om bedriften
Skjåk Almenning er Noregs største private eigedom og bygdeallmenning. Med sine 2 millionar dekar er området eit eldorado for jakt, fiske og aktivt friluftsliv. Utmarkseigedommen har store ressursar, der eigedomsforvaltning og bruksrettsforvaltning, hytteområde, jakt, fiske og skogbruk er viktig. Almenninga er også ein sentral utviklingsaktør i Skjåk kommune.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
357f09e1-ce3d-42be-b73d-d0154ee49232
- Hentet fra
FINN
- Referanse
416202941