Kontormedarbeidar
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Saghaugen 3, 5411 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Kontormedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen
ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på
utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering,
Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv,
samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og
me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal skuleåret 2025/2026 ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ein stab på 7 personar. Me har ledig ei stilling i 80-100% . Om du er glad i å yta god service, og vil vera vårt nye ansikt utad - då er det kanskje deg me er på jakt etter.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon/sentralbord
- Elevadministrasjon
- Arkivering og journalføring i digitalt arkivsystem
- Arbeid med skulen sitt kvalitetssystem og internkontroll
- Andre oppgåver frå avdelinga kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Krav til søkjar:
- Erfaring med kontorarbeid/respesjon/sentralbord
- Erfaring med digitale arkivsystem
- Fagbrev i kontorfaget eller anna relevante fag/utdanning
Ynskjeleg:
- Erfaring frå system som Elements/word/excel
- Erfaring innanfor arbeid med personvern
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne - både munnleg og skriftleg
- Utadvendt
- Systematisk og nøyaktig
- Serviceinnstilt og likar å samarbeida med andre
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med VLFK sin lønspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Storebrand
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Kjekt arbeid med ungdom og godt samspel mellom kollegaer, elevar og føresette
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest. Alle nytilsette i VLFK har ei prøvetid på seks måndader. I VLFK nyttar ein nynorsk som språkform.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Silje Seth Hildrestrand, leiar administrasjon, +47 48095626Arbeidsstad
Saghaugen 35411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4850345174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2736310
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e2ad8ddcf27e45fbb9afbb35d67e0397