Hopp til innhold

Driftsmedarbeidar bygg og eigedom

Arbeidsgiver

Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS

Sted

Hollundsdalen 21,, 5445 Bremnes

Om jobben

Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Byggdrifter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. november

Send søknad til

iuh@bke.no

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid.

Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl. B.

Arbeidsoppgaver

  • Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar

  • Måling, overflatebehandling og anna innvendig og utvendig vedlikehald

  • Plenklipping, stell av grøntområde og anna vedlikehald av uteareal

  • Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg

  • Registrering og oppfølging av feil og vedlikehaldsbehov i BKE sitt FDV system

  • Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar

  • Ved behov praktisk oppfølging av handverkarar og eksterne tenesteleverandørar

  • Bestilling av materiell og mindre arbeid innanfor avtalte rammer

  • Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg

Vi tilbyr

  • Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald

  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid

  • God opplæring og støtte frå kollegaer

  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale

Kontaktperson for stillingen

Ingrid Urheim Halleraker

Dagleg leiar

90869444

iuh@bke.no

Om bedriften

Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er eit kommunalt aksjeselskap, heileigd av Bømlo kommune. BKE eig og forvaltar 156 kommunale utleigebustader, næringseigedom og tomter, med ein samla verdi på om lag 219 mill. kroner.

Hovudoppgåva til BKE er å tilby kommunale utleigebustader, trygde- og omsorgsbustader til personar som har behov for bistand på bustadmarknaden. Utleiga skjer i samarbeid med Bømlo kommune. Selskapet kan også utvikle, drifte, vedlikehalde og forvalte andre eigedomar til kommunale føremål.

BKE er ein liten organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid. Me held til i Hollundsdalen på Bømlo.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3572bd13-53cf-4cc1-8b28-75dd49055756

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

3572bd13-53cf-4cc1-8b28-75dd49055756

Lignende annonser

Laster lignende annonser