Me søker teknikar til fabrikken vår på Bømlo
Seashore Industri AS
5430 Bremnes
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. desember
Me ser etter deg som likar å skru, feilsøke og finne gode løysingar når noko stoppar opp. Hos oss blir du ein viktig del av teamet som sørgjer for at produksjonen går som den skal.
Dette skal du jobbe med
- Sikre stabil drift og redusere driftsstans
- Feilsøking og førebyggande vedlikehald
- Dagleg vedlikehald og reparasjon av teknisk utstyr
- Oppfølging av vedlikehaldssystemet vårt og rapportere maskinstatus og vedlikehaldsbehov
- Samarbeide med andre avdelingar for å sikre nøyaktig og effektiv prosessering av fisken
- Bidra til å finne betre og smartare måtar å jobbe på
Kven ser me etter?
Du har interesse for tekniske fag og likar å forstå korleis utstyr og prosessar fungerer. Du tek ansvar for eigne oppgåver, men trivst også med å løyse ting saman med andre.
Me ønskjer at du har:
- Fagbrev som automatikar. Andre relevante fagbrev kan òg vurdersast.
- Relevant erfaring frå teknisk arbeid
- Fokus på HMS og kvalitet
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
Me trur du vil trivast hos oss om du
- jobbar strukturert og sjølvstendig
- prioriterer godt når det er mykje å gjere
- er nysgjerrig og løysingsorientert
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Dette får du hos oss
- Ein jobb med varierte arbeidsdagar og faglege utfordringar
- Moglegheit til å utvikle deg i ein spanande bransje
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6a9ddcd0-592f-4265-ae24-d85a1320a186
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
204ff6a24df14f8ab6af6730d4ac563a