Hopp til innhold

Bygg vidare på ein etablert pasientportefølje i Sogndal

Arbeidsgiver

Colosseum Tannlege Sogndal

Sted

Colosseum Tannlege Sogndal, Parkvegen, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Selvstendig næringsdrivende, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 13. oktober

Colosseum Tannlege Sogndal søkjer ein tannlege som ønskjer å bli ein del av eit godt fagmiljø med pasientgrunnlag frå start. Du tek over ein etablert pasientportefølje, samtidig som klinikken har jamn tilgang på nye pasientar.

Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe fire dagar i veka. Oppstart er ønskt frå 1. mars 2027.

I Sogndal får du gode moglegheiter til å kombinere ein fagleg interessant klinikk-kvardag med eit aktivt liv utanfor jobb. Fjorden og fjella er tett på, med kort veg til ski, fjellturar og friluftsliv gjennom året.

Om klinikken

Behandlarteamet består i dag av fire tannlegar, to tannpleiarar og ein periodontist. Du får jobbe breitt med allmenn tannbehandling, hovudsakleg innan konserverande behandling, protetikk og endodonti.

Behandlarane har daglege faglege konsultasjonar og faste fagmøte, og bruker kvarandre aktivt til å diskutere pasientkasus og behandlingsalternativ. Det gir tilgang til ulike faglege perspektiv i den kliniske kvardagen og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din vidare.

Hos oss får du:
  • Ein etablert pasientportefølje frå oppstart og jamn tilgang på nye pasientar
  • Eit behandlarteam med brei kompetanse og tett fagleg samarbeid
  • Fast assistent som du samarbeider tett med i klinikkvardagen
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire fagområde
  • Fagleg påfyll gjennom Colosseum Academy
  • Tilgang til Colosseums nasjonale fagnettverk
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ein arbeidsplass sertifisert som Great Place to Work
Kven ser vi etter?

Vi ser gjerne at du har erfaring som tannlege, men er også opne for nyutdanna. For deg som er tidleg i karrieren, har klinikken erfarne behandlarar som kan gi fagleg støtte og rettleiing.

Du har ei genuin interesse for faget, samarbeider godt med andre og ønskjer å vere ein del av eit miljø der behandlarane deler kunnskap og bruker kompetansen til kvarandre.

Det er eit krav at du har norsk autorisasjon som tannlege og meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Kan Sogndal vere ditt neste steg?

Vi vurderer søknader fortløpande.

For meir informasjon er du velkomen til å kontakte klinikkleiar Grete Helene Eikenæs på 414 47 090 eller grete.eikenaes@colosseum.no.

Om bedriften

Colosseum Tannlege er Norges ledende leverandør av tannhelsetjenester med over 80 klinikker og 1300 medarbeidere. Selskapet tilbyr de beste og mest moderne metodene innenfor alt fra forebyggende tannhelse, tannbehandling, reparasjoner og estetisk tannpleie. Hver klinikk ledes av en klinikkleder og har en egen fagleder som driver det faglige arbeidet. Gjennom Colosseum Academy sikrer vi faglig utvikling av alle medarbeidere og tilbyr tidsriktige interne og eksterne kurs med høy kvalitet. Colosseum Tannlege er en del av Colosseum Dental Group. Colosseum Dental Group er Europas ledende tilbyder av tannlegetjenester. Vi er nå over 600 klinikker i 11 land med over 11 000 behandlere og assistenter. Vi vet at mangfold bidrar til bedre resultater og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

356d0b32-0794-49de-b367-799c77af17d1

Sist endret

24. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

477069396

Lignende annonser

Laster lignende annonser