Fastlegeheimel
Sogndal kommune Sogndal legesenter
Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. november
Det er 2 ledige fastlegeheimlar Sogndal kommune. Oppstart etter avtale.
Leikanger legekontor
har 3 fastlegar (2 spesialistar i allmennmedisin), samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne sjukepleiarar.
Sogndal legesenter
har 13 fastlegar (8 spesialistar i allmennmedisin), samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniør.
Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning.
Kommunen eig og driv legesentera. Dei fleste legane er sjølvstendig næringsdrivande med forsterka 8-2-avtale. Nokre av legane har fastlønnsavtale med 20% incentiv. Avtaleform og listelengde er fleksibelt.
Legevakta er for tida 17-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse.
Arbeidsoppgåver:
Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. Kommunal bistilling inntil 20%.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.
- Gode evner til kommunikasjon og samhandling.
- Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Høg arbeidskapasitet.
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.
Sogndal kommune
Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen.
Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet.
Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Jan Ove Tryti
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ed5f6e76-64ca-41bc-af6d-a3b9527ea244
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3677587_195391_nn