Miljøterapeutstillingar vikariat/engasjement i Bu- og aktivitestenesta
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
BÃ¥rdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeutstillingar vikariat/engasjement i Bu- og aktivitestenesta
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3
I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige vikariat og engasjement som miljøterapeut opp mot 100% stilling.
Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp, praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med hjelp og rådgjeving slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.
Om du er miljøterapeut og kan tenkje deg å arbeide i helgastilling er det også mogleg.
Stillingane er aktuelle for vernepleiarar. Anna aktuell kompetanse for tilsetting som miljøterapeut kan vere anna 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning.
Stillingane inngår i turnus.
IUt frå brukarane sine behov er det i nokre boligar nødvendig å tilsette menn og i andre boligar er er det aktuelt å tilsette kvinner.
Vi bed om at du skriv i søknaden din kva stillingsprosent som er aktuell for deg.
Arbeidsoppgåver:
- Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningsliner
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk
- Opplæring og kollegaveiledning
- Vere delaktig i fagleg utvikling i Bu- og aktivitetstenesta
- Legemiddelhandtering
- Samarbeid med pårørande og verger
- Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar eller anna 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Det er ønskjeleg med erfaring og interesser for brukargruppa
- Interesser for å bruke data- og dokumentasjonsverty vi har
- Du er fagleg trygg og har evne til å arbeide sjølvstendig men òg saman med andre
- Du må kommunisere godt på norsk både muntleg og skriftleg
- Du må ha førarkort kl.B.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling. Attesten skal ikkje skal vere eldre enn tre månader.
Personlege eigenskapar vi legg vekt på at miljøterapeutane våre har:
Du er ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig. Det er viktig å ha evne til å sette brukarane og deira behov i sentrum for arbeidskvardagen. Det fordrar m.a god omsorgsevne, samtidig som du er ansvarsbevisst og kan arbeide systematisk og planmessig.
Å vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø, er ein eigenskap vi set høgt og legg vekt på.
Vi har:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2493331
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3266091_188477_nn