Politibetjent 3/2 med funksjon som avhøyrer av barn
Vest politidistrikt
Allehelgensgate 4, 5016 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2 med funksjon som avhører av barn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. september
Om stillinga
I Vest politidistrikt ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av drap, grov vald og grove seksuallovbrot, Avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot, er det ledig ei stilling som avhøyre av barn, unge og særleg sårbare personar. Avsnittet består av 20 medarbeidarar med ulike oppgåver innan etterforsking av seksuelle overgrep mot barn, av dette 5 faste tilrettelagde avhøyrarar . Vi har eit hektisk og godt fagmiljø som er samansett av erfarne medarbeidarar av begge kjønn. I stillinga vil du vere ein del av eit fagmiljø på 5 medarbeidarar som har avhøyr av barn som hovudoppgåva si, i tillegg til å vidareutvikle faget tilrettelagde avhøyr av barn, unge og særleg sårbare personar. Du vil saman med gruppa vere ansvarleg for at ny kunnskap når ut i organisasjonen. Gruppa skal sørgje for god fagleg kvalitet, bidra til god oppgåveløysing ved ulike problemstillingar og samarbeide tett med Barnehuset, etterforskarar og påtalejuristar i oppgåvene deira i samband med tilrettelagde avhøyr.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å jobbe med avhøyr av barn som primæroppgåva si. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre tilrettelagde avhøyr og eventuelt sekvensielle avhøyr av barn og unge, og eventuelt av særleg sårbare vaksne
- Bidra med konkrete innspel til etterforskar/påtale om nødvendige etterforskingssteg før eit avhøyr
- Samarbeide med eksterne aktørar og delta i samrådsmøte på Barnehuset
- Skrive rapportar både før og etter avhøyr, og sørgje for god kvalitet og resultatoppnåing i sakene
- Delta og bidra til kollegarettleiing i regi av Barnehuset
- Andre oppgåver pålagde av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3 eller politibetjent 2
- Videreutdanning i tilrettelagde avhøyr av barn
- Erfaring frå etterforsking
- God kjennskap til lovverket innanfor saksfeltet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God IT- og systemkunnskap, og kjennskap til systema til politiet
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41
Det er også ønskeleg med:
- Erfaring i etterforsking av vald i nære relasjonar og/eller seksuelle overgrep
- Veiledererfaring
- Videreutdanning i rettleiingspedagogikk
Har du lengre erfaring frå avhøyr? Sjå utlysning for stilling som politioverbetjent/politiførstebetjent: stilling id 284061
Personlege eigenskapar
- Være resultatorientert og med god gjennomføringsevne
- Evne til å prioritere og ta gode avgjerder i ulike problemstillingar
- Evne til å bygge tillit, skape gode relasjonar og samhandle internt og eksternt
- Være fleksibel, positiv og løysingsorientert
- Evne til å handtera tidvis høgt arbeidspress og å handtera emosjonelt belastande arbeid
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2 med funksjon som avhøyrer:
- Politibetjent 3 (stillingskode 1461) frå kr. 640 000,-.
- Politibetjent 2 (stillingskode 1459) frå kr. 530 000,-
- I tillegg gis et kronetillegg på kr 47.772,- per år for tilrettelagte avhøyr.
- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekkjer 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhøyrer Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1350 tilsette, med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har kontoret sitt i Bergen, der også felles operasjonssentral er lokalisert.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
354b52f4-c5a0-454a-aea7-d2cc03bf983c
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260059