Rådgivar statistikk og analyse
Møre og Romsdal fylkeskommune
6509 Kristiansund N, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar statistikk og analyse
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rådgivar statistikk og analyse
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillinga er plassert i kollektivavdelinga FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 20 millionar rutekilometer med buss kvart år.
Stillinga er særs viktig for at FRAM skal gjere dei rette tiltaka til rett tid med rett kvalitet. Som rådgivar vil du arbeide sjølvstendig med arbeidsoppgåver innan kollektivtransport.
Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiingar. Arbeidet du bidrar
med skal skape innovasjon og utvikling av tenestene våre.
Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Campus Kristiansund, men med moglegheit for kontrostad i Molde dersom det skulle bli aktuelt
Analyser, utgreiinger og forvaltning av data innan kollektivtransport:
- analysere passasjer- og inntektsutvikling i eksisterande kontraktar
- utarbeide prognoser for komande kontraktar for buss, båt og ferje
- uttrekk, analyse og samanstilling av tilgjengelege data
- produksjon av statistikk
- kvantitativ og kvalitativ analyse
- formidle statistikk og innsikt gjennom å lage rapporter og analyser
- produkteigar for datavarehuset til FRAM
- høgare utdanning innan relevante fagområde, der kombinasjon frå desse områda er særskilt interessant: samferdselsplanlegging, transportøkonomi, statistikk og analyse.
- fleire års relevant arbeidserfaring med statistikk og analyse, og solid metodekompetanse
- gode analytiske evner
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har erfaring med modellering, utarbeiding av prognoser og handtering av store datasett.
Stillinga krev at du kan samanstille og analysere tilgjengelege data, gjennomføre analyser som er både kvalitative og kvantitative, og at du tar initiativ til samarbeid med andre, både internt og eksternt.
Personlege eigenskapar
Du:
- Er strukturert
- Har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
- Tar lett initiativ
- Er god til å samarbeide med andre
- Trivst i rolla som formidlar og snakkar enkelt om komplekse saker og statistikk med andre
- Er sjølvstendig og evner å prioritere mellom oppgåver
Vi tilbyr
- eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3524244a-a35d-4966-8c8c-b5e24862baa6
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4528532